Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2018-06-08
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 1A-1 femte ledd opphevast.
§ 1A-1 nåverande sjette og sjuande ledd blir femte og sjette ledd.
§ 10-2 andre ledd skal lyde:
Ved bruk av privat bil blir skysskostnadene dekte med 2,50 kr per kilometer. Eit tillegg på 0,45 kr per kilometer skal givast for kvar ekstra passasjer, dersom passasjeren er ein annan elev med rett til skyss, eller det er nødvendig følgje. I tillegg skal eleven få godtgjersle for alle naudsynte faste og variable kostnader knytte til bruk av bil dersom desse utgiftene er større enn det den faste satsen dekkjer. I tillegg til utgifter til drivstoff skal skyssgodtgjersle kunne dekkje utgifter til bompengar, ferjeturar, piggdekkavgift og parkering, og til andre særlege kostnader som ikkje blir dekte etter satsane ovanfor. Tapt arbeidsinntekt for den som køyrer eleven, blir ikkje rekna med i grunnlaget for skyssgodtgjersle. Eleven dokumenterer utgiftene som ikkje blir dekte av minstesatsen, ved å syne fram kvitteringar for utgiftene.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir det gjort følgjande endringar:
§ 2B-1 femte ledd opphevast. Nåverande sjette og sjuande ledd blir femte og sjette ledd.
III
Endringane blir sette i kraft straks.