Hopp til innhold
Forskriftsendring
Helse- og omsorgsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta

LTI/forskrift/2018-06-26-1076·Kunngjort 29. juni 2018·Journalnr. 2018-0662

I kraft fra: 2018-07-01

I

I forskrift 20. desember 2016 nr. 1848 om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta gjøres følgende endringer:

§ 4 andre ledd første punktum skal lyde:

Som betaling for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av legar, psykologar, tannlegar, sjukepleiarar, jordmødrer, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar, audiografar, ortoptistar og optikarar, kan pasienten krevjast for 351 kroner.

§ 4 tredje ledd skal lyde:

Ein kan krevje 250 kroner i betaling frå pasienten for gransking av bilete frå radiologisk undersøking, ultralydundersøking ved spesialavdeling og nukleærmedisinsk undersøking.

§ 7 skal lyde:

Om pasienten ikkje møter opp til avtala time, og let vera å melda frå tidlegare enn 24 timar føre timen, kan pasienten verta kravd for 702 kroner i fråværsgebyr.

Om den avtala timen gjeld poliklinisk helsehjelp innan psykiatri eller rusbehandling, skal det ikkje krevjast høgare gebyr enn 351 kroner.

II

Endringene gjelder fra 1. juli 2018.