Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova
I kraft fra: 2018-11-10
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-48 tredje ledd skal lyde:
Prøva skal normalt gjennomførast i den bedrifta lærlingen, praksisbrevkandidaten, kandidaten for fagbrev på jobb eller lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa, og tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at heile eller delar av prøva skal haldast på ein annan stad.
§ 3-49 første ledd skal lyde:
Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen, kandidaten for fagbrev på jobb eller eleven til fag- eller sveineprøva første gong. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten til kompetanseprøva eller praksisbrevprøva første gong. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om ikkje fylkeskommunen har motteke melding til prøva to månader før kontraktstida er ute, skal dei ta kontakt med bedrifta/skolen.
Noverande § 3-59 blir § 3-55.
Noverande § 3-55 til § 3-58 blir § 3-56 til § 3-59.
§ 3-59 første ledd skal lyde:
Dersom fag-, eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått ved første forsøk, kan lærlingen, eleven, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb innan seks månader etter prøva melde seg til ei ny prøve. Kontrakten kan forlengjast i avtale. Fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre prøva og skal dekkje utgifter lærebedrifta har med gjennomføringa.
§ 3-61 skal lyde:
Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, praksiskandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb så langt råd er.
Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.
Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning.
§ 3-62 andre ledd skal lyde:
Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven som kan annullere praksisbrevprøva og kompetanseprøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skal ha høve til å uttale seg munnleg for den/dei som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om annullering av prøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb har likevel rett til å fullføre prøva. Enkeltvedtak om annullering av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve kan klagast på til fylkesmannen.
§ 3-63 første ledd skal lyde:
Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Dersom åtferda til ein kandidat er i strid med denne føresegna, kan kandidaten etter å ha blitt åtvara, visast bort. Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen avgjer kven som kan vise bort kandidatar frå praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om bortvising.
§ 3-64 opphevast.
§ 11-9 opphevast.
II
Endringane trer i kraft frå og med 10. november 2018.