Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgre utdanning

LTI/forskrift/2018-11-23-1767·Kunngjort 28. november 2018·Journalnr. 2018-1046

I kraft fra: 2019-01-01

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 4-9

I

I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-1 første ledd skal lyde:

vitnemål om bestått norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse; eller fylt 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere minimum fem års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste eller sivilteneste kan òg reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld bestått årstrinn i vidaregåande opplæring, godkjent årskurs frå folkehøgskole og/eller eksamen frå studium som har vart i minst eitt år.

norsk 393 timar engelsk 140 timar matematikk 224 timar naturfag 140 timar samfunnsfag 84 timar historie 140 timar.

§ 2-4 skal lyde:

(1) Søkjarar som har fullført 2-årig fagskoleutdanning (120 fagskolepoeng/studiepoeng frå fagskole) som er godkjend etter lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning eller lov 8. juni 2018 nr. 28, får generell studiekompetanse.

(2) Dersom fagskoleutdanninga ikkje har hatt norsk eller anna nordisk språk som undervisningsspråk, må kravet om norsk oppfyllast, jf. § 2-2. Søkjarar frå land utanom Norden må også dokumentere engelskkunnskapar jf. § 2-2 (6).

§ 3-4 skal lyde:

Integrert masterstudium i teknologiske fag, 3-årig ingeniørutdanning og maritime fag har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning, nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999. Arkitektutdanning ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999. Matteknologiutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning eller 1-årig tilpassingskurs, nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999.

§ 3-5 skal lyde:

(1) Samisk semesteremne og samisk nybegynnarkurs . Unntak frå kravet om generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav fastsette under § 4-10 fjerde ledd gjeld for søkjarar som har samisk tilknyting, etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(2) Finsk semesteremne og årseining i kvensk . Unntak frå kravet om generell studiekompetanse gjeld søkjarar som har finsk eller kvensk tilknyting, etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

§ 3-6 skal lyde:

Studium i utøvande og skapande kunst Studium i utøvande og skapande musikk Forfattarstudium Scenekunstutdanning Folkekunst og folkemusikk ved Universitetet i Søraust-Noreg Kunstfagleg utdanning ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet Studium i folkedans ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Studium i duodji 1 ved Samisk høgskole Studium i visuell kunst, film og tv, manus, lyddesign og Visual Effects ved Høyskolen Kristiania Studium ved Den norske filmskolen ved Høgskolen i Innlandet Studium i manus – scenetekst og tv-drama ved NSKI Høgskole.

§ 4-1 skal lyde:

(1) I tillegg til kravet om generell studiekompetanse har departementet fastsett spesielle opptakskrav for studium og fagområde, jf. § 4-2 til § 4-10. Fagkrava refererer til norsk vidaregåande opplæring, studieførebuande utdanningsprogram. Fagkrava må vere oppfylte.

(2) Opptaksorganet har plikt til å vurdere om anna utdanning eller annan dokumentasjon av kunnskapar enn det som er nemnt i første ledd, kan godkjennast som likeverdig. Departementet kan gi nærmare reglar.

§ 4-2 skal lyde:

(1) Medisin, odontologi, ernæring og farmasi har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2), fysikk 1 og kjemi (1 + 2).

(2) Bioingeniørutdanning, farmasi (bachelor) og ernæring ved UiT – Noregs arktiske universitet har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og anten fysikk 1 eller biologi 1 eller kjemi 1.

(3) Ortopediingeniørutdanning har krav om matematikk (R1 + R2) og fysikk 1.

(4) Farmasi (bachelor) har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og kjemi 1 og anten fysikk 1 eller biologi 1 eller kjemi 2.

(5) Veterinærmedisin har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og kjemi (1 + 2).

(6) Ernæringsstudium (bachelor) har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2), fysikk 1 og kjemi (1 + 2).

(7) 3-årig bachelorstudium i sjukepleie har krav om at søkjaren må dokumentere eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

§ 4-3 skal lyde:

(1) Informatikkutdanning har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2). Om opptak til Universitetet i Oslo sjå òg tredje ledd.

(2) Realfag, natur- og miljøfag har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og matematikk (R1 + R2) eller fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1 + 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2). Sjå òg fjerde ledd.

(3) Informatikk: robotikk og intelligente system ved Universitetet i Oslo har ei forsøksordning for opptak til studieåra 2018–2019, 2019–2020, 2020–2021 og 2021–2022 der søkjarane må dokumentere faga matematikk (R1 + R2) og i tillegg fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1 + 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2).

(4) Universitet (og høgskolar) som tilbyr studium i realfag, natur- og miljøfag kan som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2018–2019, 2019–2020, 2020–2021 og 2021–2022 sjølve fastsetje at det for opptak til slike studieprogram skal stillast krav om matematikk (R1 + R2) og i tillegg fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1+ 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2).

§ 4-4 skal lyde:

Søkjarar med nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag må dokumentere tilsvarande kunnskapar i matematikk og fysikk som dei som er fastsette her. Søkjarar med 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet 1998–1999 og tidlegare studieordningar fyller krava for opptak utan omsyn til dei spesielle krava i matematikk og fysikk som er fastsette her.

(2) Arkitektutdanning ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Bergen arkitekthøgskole har krav om at søkjaren må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

Søkjarar med nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag må dokumentere tilsvarande kunnskapar i matematikk og fysikk. Søkjarar med 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999 og tidlegare studieordningar fyller krava for opptak utan omsyn til dei spesielle krava i matematikk og fysikk som er fastsette her. Søkjarar med bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 og søkjarar med bestått 1-årig forkurs for ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning fyller fagkrava for opptak utan omsyn til dei spesielle krava i matematikk og fysikk som er fastsette her.

Søkjarar med nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag må dokumentere tilsvarande kunnskapar i matematikk og fysikk. Søkjarar med 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999 og tidlegare studieordningar fyller krava for opptak utan omsyn til dei spesielle krava i matematikk og fysikk som er fastsette her. Søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, og søkjarar med bestått 1-årig forkurs for ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning, fyller krava for opptak utan omsyn til dei spesielle opptakskrava i matematikk og fysikk som er fastsette her. Søkjarar som har generell studiekompetanse og har bestått eit realfagskurs med eitt semesters omfang med fordjuping i matematikk og fysikk, fyller krava for opptak utan omsyn til dei spesielle krava i matematikk og fysikk som er fastsette her. For søkjarar med generell studiekompetanse eller bestått nyare godkjent to-årig teknisk fagskole i tekniske fag som blir tekne opp til treterminordning, gjeld ikkje det spesielle opptakskravet i matematikk og fysikk som er fastsett her. For søkjarar som blir tekne opp til spesielt tilrettelagd ingeniørutdanning, jf. § 3-3, med grunnlag i fagbrev/sveinebrev og minimum 12 månader relevant praksis, gjeld ikkje det spesielle opptakskravet i matematikk og fysikk som er fastsett her.

(5) Teknisk bygningsvern og restaureringsarbeid og utøvande tradisjonshandverk har krav om relevant fagbrev.

(6) Landskapsarkitektur ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo har krav om at søkjarar må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

Søkjarar med nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag må dokumentere tilsvarande kunnskapar i matematikk og fysikk. Søkjarar med 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999 og tidlegare studieordningar må dokumentere kunnskapar tilsvarande matematikk R2 med eit gjennomsnitt på minimum karakteren 4,0. Søkjarar med bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 og søkjarar med 1-årig forkurs for ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning fyller fagkrava for opptak utan omsyn til dei spesielle fagkrava i matematikk og fysikk som er fastsette her. Søkjarar må ha karakteren C eller betre i matematikk frå forkurs.

§ 4-5 skal lyde:

(1) Integrert masterstudium i økonomisk-administrative fag og i samfunnsøkonomi har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2).

(2) Kostøkonomutdanning har krav om fagbrev som institusjonskokk eller tilsvarande.

(3) Matematisk finans har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2).

(4) Bachelorstudium i samfunnsøkonomi og i politisk økonomi ved Universitetet i Bergen har som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2019–2020, 2020–2021 og 2021–2022 krav om at søkjarar må dokumentere at han/ho har minst karakteren 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

§ 4-6 skal lyde:

Kjøkken- og restaurantleiing har krav om fagbrev som kokk, institusjonskokk eller servitør. Andre fag-/sveinebrev frå utdanningsprogram for restaurant- og matfag kan vurderast.

§ 4-7 skal lyde:

Søkjarar som kan dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar), men som har ein gjennomsnittskarakter på mellom 3,00 og 3,99 i matematikk (224 timar), kan takast opp dersom dei består eit forkurs i matematikk spesielt tilrettelagt for lærarutdanning, jf. § 5-2. For søkjarar som har samisk som førstespråk eller andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk for gjennomsnittet av karakterane i norsk (309 timar) og samisk (309 timar). For søkjarar som har norsk teiknspråk eller finsk som andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk gjennomsnittet av karakterane i første- og andrespråket. For søkjarar til grunnskolelærarutdanning ved Samisk høgskole gjeld i tillegg krava som er fastsette i § 4-10.

(2) Grunnskolelærarutdanning og 5-årig lektorutdanning med realfag, miljø- og naturfag har krav om at søkjarar må dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og i tillegg kravet som er fastsett for realfag, miljø- og naturfag i § 4-3 andre eller fjerde ledd.

(3) Grunnskolelærarutdanning med musikk har krav om at søkjarar må dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). I tillegg må søkjaren dokumentere kunnskapar og ferdigheiter i musikk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(4) Grunnskolelærar- og barnehagelærarutdanning med sørsamisk eller lulesamisk har krav om at søkjarar må dokumentere kunnskapar i sørsamisk eller lulesamisk språk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen. For grunnskolelærarutdanning gjeld i tillegg at søkjarar må dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar).

(5) Faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag har krav om at søkjarar må dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i matematikk (224 timar). Søkjarar til faglærarutdanning i musikk, dans og drama må i tillegg dokumentere kunnskapar og ferdigheiter i musikk, dans eller drama etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(6) Grunnutdanning i musikk, dans og drama som er pedagogisk retta har krav om at søkjarar må dokumentere kunnskapar og ferdigheiter i musikk, dans eller drama etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(7) Yrkesfaglærarutdanning har krav om fag-/sveinebrev eller anna fullført og bestått 3-årig yrkesutdanning i skole frå vidaregåande opplæring og 2 års relevant praksis etter avslutta utdanning. I dei tilfella der ein må ha autorisasjon for å praktisere i yrket, må ein òg ha autorisasjon for å komme inn på yrkesfaglærarutdanninga.

(8) 3-årig lærarutdanning for tospråklege lærarar har krav om at søkjarar må dokumentere eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og tospråkleg kompetanse etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

§ 4-8 skal lyde:

(1) Engelskspråklege bachelorprogram ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet har som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2017–2018, 2018–2019, 2019–2020 og 2020–2021 krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

(2) Engelskspråkleg høgskolekandidatstudium ved MF – vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn har krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

§ 4-9 skal lyde:

Scenekunstutdanning Studium i utøvande og skapande musikk Forfattarstudium Studieprogram i dansevitskap Studium ved fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen Studium ved Kunsthøgskolen i Oslo Musikkvitskap og musikkteknologi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og musikkvitskap ved Universitetet i Oslo Kunstfagleg utdanning ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet Studium i utøvande og skapande kunst ved Universitetet i Stavanger Studium i visuell kunst ved Høyskolen Kristiania Studium ved Norges Dansehøyskole Bachelorstudium i dansekunst og koreografisk tenking ved Høyskolen i Dansekunst Bachelorstudium i manus – scenetekst og tv-drama ved NSKI Høgskole.

§ 4-10 skal lyde:

(1) Spesialtilpassa høgskoleutdanning for døve ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har krav om at søkjarar må dokumentere ferdigheiter i norsk teiknspråk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(2) Studium ved Samisk høgskole og studium i samiske språk ved andre institusjonar har krav om at søkjarar må dokumentere kunnskapar i samisk språk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(3) 2-årig trafikklærarutdanning har krav om at søkjarar må ha hatt gyldig førarkort klasse B (personbil) samanhengande dei siste 3 åra.

(4) Paramedicutdanning har krav om fagbrev som ambulansepersonell eller relevant høgre utdanning.

(5) Luftfartsfag har krav om at søkjarar må dokumentere matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og fysikk 1, og ha bestått opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(6) 3-årig utdanning prehospitalt arbeid – paramedic har krav om at søkjarar må dokumentere førarkort klasse B (personbil) og ha bestått fysisk opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(7) 3-årig bachelorstudium i journalistikk ved OsloMet – storbyuniversitetet har som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2017–2018, 2018–2019 og 2019–2020 krav må at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i norsk (393 timar).

(8) 1-årig studium i Arktisk naturguide ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet har krav om at søkjarar må ha gyldig førarkort klasse S eller klasse B og dokumentere relevant praksis etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

Bachelorstudium i TV-teknikk Bachelorstudium i TV-regi Bachelorstudium i TV-leiing Bachelorstudium i kulturprosjektleiing

Bachelorstudium i 3D art, Animation and VFX , Bachelorstudium i Film and TV Production Bachelorstudium i spill og opplevelsesteknologi .

(12) Bachelorstudium i animasjon og digital kunst ved Høgskolen i Innlandet har krav om at søkjarar må dokumentere kunnskapar i form av innsendt arbeid og bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

Følgjande studium ved OsloMet – storbyuniversitetet Fotojournalistutdanning Produktdesignutdanning Bachelorstudium i tolking i offentleg sektor Animasjon ved Høgskulen i Volda Industridesign ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo Studium ved Steinerhøyskolen Smykkedesign ved Universitetet i Agder Film- og fjernsynsutdanning ved Høgskolen i Innlandet Følgjande studium ved Høyskolen Kristiania Bachelor i Art Direction Bachelor i Experience & Event Bachelor i Grafisk design Bachelor i Retail Design Bachelor i tekst og skribent Bachelor i film og TV Bachelor i lys for scene Bachelor i manus Bachelor i maske- og hårdesign Bachelor i lyddesign Bachelor i spilldesign Bachelor i visual effects Bachelor i låtskriving og produksjon Bachelor i digital markedsføring Årsstudium i musikkproduksjon .

§ 4-11 skal lyde:

(1) For opptak til desentralisert utdanning og/eller deltidsutdanning kan institusjonane fastsetje spesielle opptakskrav i form av relevant yrkeserfaring og arbeidstilknyting i studietida. For opptak til deltidsstudium kan det i tillegg stillast krav om tilknyting til utdanningsstaden.

(2) Det kan stillast krav om inntil 5 års yrkeserfaring. Dersom det blir stilt krav om dette skal minimum 2 år utgjere relevant yrkeserfaring.

(3) Det kan stillast krav om geografisk tilknyting til utdanningsstaden.

§ 5-1 andre ledd skal lyde:

(2) Med spesielle omstende er her meint sjukdom, ulykker eller dødsfall i nær familie. Dersom det ligg føre andre spesielle omstende, kan opptaksorganet gi opptak på visse vilkår.

§ 7-11 overskriften, første og andre ledd skal lyde:

(1) Det blir gitt 2 tilleggspoeng for anten eit fullført studium eller samla 60 studiepoeng ved universitet eller høgskole eller 60 fagskolepoeng/studiepoeng frå fagskole, eitt år på ein folkehøgskole med godkjend skoledokumentasjon eller fullført militær førstegongsteneste eller sivilteneste.

(2) Eit fullført halvårig studium i høgre utdanning eller fagskole eller 30 studiepoeng/fagskolepoeng/studiepoeng frå fagskole gir 1 tilleggspoeng.

§ 8-1 første ledd skal lyde:

(1) Reglane for nasjonal klagenemnd gjeld klagar over enkeltvedtak i den nasjonale opptaksmodellen (NOM) for grunnutdanningar ved universitet og høgskolar som Samordna opptak (Unit) organiserer.

§ 8-2 fjerde ledd skal lyde:

(4) Sekretariatet for klagenemnda skal liggje hos Samordna opptak (Unit).

II

Forskrifta skal tre i kraft frå 1. januar 2019.