Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
I kraft fra: 2019-01-01
Kapittel 1. Verkeområde
§ 1-1 . Verkeområde
Praktisk-pedagogisk utdanning Etter- og vidareutdanning, likevel slik at erfaringsbaserte masterprogram er omfatta Spesialistutdanning i odontologi Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar utdanna utanfor EU/EØS Fellesgradar Studium innan utøvande og skapande kunst Norskkurs.
(2) Lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning (forskrift om opptak til høgre utdanning), forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad (mastergradsforskrifta), lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven), og dessutan andre nasjonale avgjersler, er overordna denne forskrifta og gjeld føre forskrifta ved eventuell motstrid.
§ 1-2 . Avvik frå deler av forskrifta
Fakulteta søkjer Styret om å fråvike føresegna i § 2-2 for ein fastsett prøveperiode på inntil tre år. Det er ein føresetnad at effekten av tiltaket blir evaluert etter enda periode.
Kapittel 2. Minstekrav for opptak
§ 2-1 . Generelle føresegner
(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Universitetet i Bergen er som hovudregel generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgre utdanning, kapittel 2. Det gjeld unntak frå dette for dei utdanningane som er omfatta av kapittel 3 i forskrift om opptak til høgre utdanning.
(2) Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgre utdanning, jf. § 2-2.
(3) For opptak til engelskspråklege studieprogram eller studieretningar gjeld ikkje norskkravet i forskrift om opptak til høgre utdanning.
Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar) med karakteren 4 eller betre, eventuelt engelsk som programfag med minimum 140 årstimar. International English Language Testing Service (IELTS) med minimum overall band score 6.5 poeng. Test of English as a Foreign Language (TOEFL), minst 90 poeng for Internet-based test (IBT). PTE Academic Pearson Test of English (PTE), med minst 62 poeng. Annan dokumentasjon kan godkjennast etter individuell vurdering. Enkeltstudium kan fastsetje strengare krav til engelskkunnskapar i den aktuelle studieplanen.
(5) Søkjarar til tospråklege program eller studieretningar, må dokumentere språkkunnskapar etter reglane som gjeld for norskspråklege program eller for engelskspråklege program. For framandspråklege masterprogram, som ikkje har undervisning på norsk eller engelsk, kan eigne språkkrav fastsetjast i studieplanen.
(6) Fakultetet sjølv kan fastsetje særskilde opptakskrav for opptak til masterprogram.
(7) Retten til opptak kan vere avgrensa av reglar om progresjon og vurderingsgjentak, jf. § 4-6 og § 6-8 i forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen. Styret kan fastsetje at opptak til studium på nytt, ikkje skal være mogleg.
§ 2-2 . Opptaksgrunnlag masterutdanning
(1) For opptak til masterprogram gjeld mastergradsforskrifta § 3, § 4, og § 5 og eventuelle rammeplanar.
(2) Nærare krav til fagleg grunnlag og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga blir fastsett i studieplanen, jf. § 2 i mastergradforskrifta.
Opptaksgrunnlaget er ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Søkjarar må dokumentere ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng relevant for studiet dei søkjer opptak til. Fakultetet sjølv fastset kva emne ved UiB som inngår i den faglege fordjupinga. Dette skal gå fram av studieplanen. I heilt spesielle tilfelle kan annan dokumentert kompetanse godkjennast som heilt eller delvis likeverdig med kravet i b), føresett at søkjaren har dei nødvendige faglege føresetnadene for å gjennomføre studiet. Nærare føresegn om kva utdanningar dette kan gjelde for er gitt i utfyllande retningslinjer for opptak til UiB. Emna som utgjer den faglege fordjupinga, skal ha eit vekta gjennomsnitt på minimum karakteren C eller betre, etter retningslinene for utrekning av karakterpoeng i § 5-3.
(4) For opptak til erfaringsbasert masterprogram etter § 5 i mastergradsforskrifta skal krav til eventuell fagleg fordjuping og karaktergjennomsnitt fastsetjast i studieplanen. Det er krav om minst to års relevant praksis for opptak til erfaringsbaserte masterprogram. Det kan krevjast relevant praksis utover dette, men likevel ikkje meir enn fire år.
(5) Søkjarar til internasjonale gradsstudium som kjem frå land/statar/område utanfor EU/EØS og Sveits må dokumentere tilfredsstillande finansiering, jf. krava i utlendingslova § 58.
§ 2-3 . Opptaksgrunnlag enkeltemne
For opptak til enkeltemne må søkjaren dekke minstekrava for opptak til den utdanninga som emna ein søkjer opptak til, inngår i. Eventuelle krav om fagleg forkunnskap for emnet må òg dekkast. Opptakskrava kan fråvikast for avtalestudentar som skal ta enkeltemne eller semesterstudium.
Kapittel 3. Realkompetanse
§ 3-1 . Realkompetanse
(1) Søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, og som manglar generell studiekompetanse, kan få opptak på grunnlag av realkompetanse, jf. universitets- og høgskulelova § 3-6 (2) og forskrift om opptak til høgre utdanning § 3-1.
(2) For å få tilbod om studieplass må søkjaren dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som søkjarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar, jf. kapittel 5 i denne forskrifta.
(3) Nærare reglar om opptak på grunnlag av realkompetanse er fastsette i utfyllande retningsliner for opptak til UiB.
Kapittel 4. Kvotar og opptaksrammer
§ 4-1 . Kvotar og opptaksrammer
(1) Styret sjølv fastset årleg talet på studieplassar for dei enkelte studieprogramma, jf. § 3-7 femte ledd i universitets- og høyskoleloven.
(2) Opptak til studia kan skje på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som blir fordelte blant søkjarar som tilfredsstiller nærare bestemte krav.
(3) Kvota blir fastsett i studieplanen.
Kapittel 5. Rangering
§ 5-1 . Poengutrekning og rangering av søkjarar til grunnutdanningar
(1) Ved opptak til grunnutdanningar blir søkjarane sine poeng rekna ut og dei blir rangerte etter reglane i kapittel 7 i forskrift om opptak til høgre utdanning.
(2) Realkompetansesøkjarar blir rangerte i forhold til andre søkjarar på grunnlag av ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering. Omfanget og relevansen av praksis, utdanning og motivasjon blir vektlagd.
§ 5-2 . Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak
(1) Grunnlaget for rangeringa er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for opptak til eit studium, jf. kapittel 2 i denne forskrifta. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av konkurransepoeng.
(2) Dersom ein søkjar har fleire opptaksgrunnlag, blir det grunnlaget som gir gunstigast resultat for søkjaren lagt til grunn.
(3) Ved lik poengsum skal plassen fordelast etter loddtrekning.
(4) Dersom det har vist seg umogeleg å fylle studieplassane på eit studium, kan ein tilby dei ledige studieplassane til kvalifiserte søkjarar fortløpande, utan omsyn til rangeringsreglane elles. Søknader som er mottekne etter fristen, skal rangerast etter søknadsdato.
§ 5-3 . Poengutrekning og rangering av søkjarar til 2-årige masterprogram
Karakterpoeng: Det blir rekna ut eit vekta karaktergjennomsnitt, med to desimalar av den faglege fordjupinga, jf. § 2-2 (3) b). Vekta til kvar einskild karakter er talet på studiepoeng i det aktuelle emnet. Andre tilleggspoeng: Med utgangspunkt i særlege omsyn som er knytte til enkelte studium, kan det fastsetjast andre poengtypar i studieplanen.
(2) For søkjarar med bokstavkarakterar blir følgjande omrekningsskala nytta som grunnlag for utrekning av gjennomsnittskarakter: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. Nærare føresegn om omrekning av karakterar frå andre karakterskalaer er gitt i utfyllande retningsliner for opptak til UiB.
(3) I særskilde tilfelle kan anna utdanning enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Søknaden blir då rangert etter § 5-5 i denne forskrifta.
§ 5-4 . Poengutrekning og rangering av søkjarar til erfaringsbaserte masterprogram
Rangeringsgrunnlag, rangeringsmetode og eventuell bruk av individuell vurdering for erfaringsbaserte masterprogram fastsetjast i studieplanen.
§ 5-5 . Rangering av søkjarar som ikkje kan poengutreknast
(1) For kvalifiserte søkjarar som ikkje kan poengutreknast, skal rangeringa gjerast etter ei skjønnsmessig vurdering av søkjaren sitt opptaksgrunnlag.
(2) For å få tilbod om opptak blir det kravd likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter rangering på grunnlag av poengutrekning.
Kapittel 6. Tilbod på visse vilkår
§ 6-1 . Tilbod på visse vilkår
Universitetet kan gi tilbod om studieplass på visse vilkår til søkjarar som ikkje tilfredsstiller heile opptakskravet på det tidspunktet dei får tilbod om studieplass, men som har dokumentert at dei vil dekke kravet før studiestart.
§ 6-2 . Generelle føresegner om tilbod og opptak på visse vilkår
(1) Søkjarar som har fått opptak eller tilbod etter føresetnadane gitt i § 6-1 og som ikkje innfrir vilkåra for opptak innan den fristen som er stilt i samband med tilbodet om studieplass, misser retten til studieplass.
(2) Det kan ikkje bli gitt opptak eller tilbod på visse vilkår til søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk, jf. § 2-1.
(3) Det kan ikkje bli gitt tilbod på visse vilkår til internasjonale søkjarar som må ha opphaldsløyve for å få studieløyve.
Kapittel 7. Felles føresegner om administrative forhold
§ 7-1 . Reservert studieplass
(1) Tildelt studieplass kan reserverast til neste gong det er opptak til studiet dersom det ligg føre dokumenterte, tungtvegande grunnar. Det blir normalt ikkje innvilga reservert plass for meir enn eitt år.
(2) Søknad om reservasjon av studieplass må leggast fram innan tre veker etter at ein har motteke tilbod om studieplass.
(3) Med tungtvegande grunnar er det her meint verneplikt, graviditet, sjukdom, ulukker eller dødsfall i nær familie. Andre tungtvegande grunnar utanfor kontrollen til søkjaren kan òg gi grunnlag for reservert studieplass. Grunn må dokumenterast med attest frå lege, anna helsepersonell, politi eller tilsvarande.
§ 7-2 . Førehandsløfte
Ved dokumentert behov kan det bli gitt førehandsløfte til kvalifiserte søkjarar med poengsum som er lik eller høgare enn medianen ved siste opptak. Nærare føresegn om førehandsløfte gis i utfyllande retningslinjer for opptak til Universitetet i Bergen.
§ 7-3 . Fristar
(1) Søknadsfristar for opptak til studium ved Universitetet i Bergen blir kunngjorde. Eigne fristar kan gjelde dersom det gis tilbod om tidleg opptak.
(2) All utdanning, praksis og andre høve som gir grunnlag for opptak, må vere dokumentert ved utløp av søknadsfristen. Søkjarane skal ettersende endeleg dokumentasjon på fastsett måte og innan den fristen som er gitt av Universitetet i Bergen.
§ 7-4 . Verifisering av dokumentasjon
Universitetet kan krevje at søkjarane legg fram original av dokument som skal liggje til grunn for opptak for å vurdere om desse er ekte, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-7 sjette ledd.
§ 7-5 . Klage
(1) Enkeltvedtak som er gjorde med heimel i denne forskrifta, kan klagast på, jf. forvaltningslova § 28 til § 32. Klagefristen er 3 veker frå den dagen resultatet av opptaket er offentleggjort, eventuelt 3 veker frå den dagen søkjaren har motteke grunngjeving.
(2) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak organisert gjennom Samordna opptak, blir handsama av Nasjonal klagenemnd, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-1 sjuande ledd og forskrift om opptak til høgre utdanning § 8-1.
(3) Klager som gjeld opptak etter universitets- og høyskoleloven § 3-6 andre og tredje ledd, blir handsama av Klagenemnda ved Universitetet i Bergen, jf. forskrift om opptak til høgre utdanning § 8-1 andre ledd.
(4) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak til studium som ikkje inngår i samordna opptak, blir handsama av klagenemnda ved Universitetet i Bergen, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-1.
§ 7-6 . Opptakskomité
(1) Ved behov kan Universitetet i Bergen utnemne ein sentral opptakskomité.
(2) Opptakskomiteen handsamar etter behov søknadar som krev skjønsmessig vurdering ved kvalifisering, og i særskilde høve ved rangering.
(3) Opptakskomiteen skal som hovudregel setjast saman av eitt medlem frå kvart fakultet, minst eitt medlem frå det organet som styret nemner opp til å gjennomføre opptaket og minst éin student.
Kapittel 8. Utfyllande reglar
§ 8-1 . Utfyllande reglar
(1) Styret, eller det organet styret nemner opp, kan gi utfyllande reglar og retningsliner innanfor ramma av denne forskrifta.
(2) Vesentlege endringar i opptakskrava for eit studieprogram skal vere klart for søkjarane minst eitt år før dei tek til å gjelde.
(3) Styret pliktar å opprette overgangsreglar i dei tilfella vesentlege endringar ikkje er gjort kjende for søkjarane i tide.
§ 8-2 . Iverksetjing
Forskrift 16. februar 2012 nr. 872 om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen § 4.1.1 tredje og fjerde ledd. Reglement for opptak av internasjonale søkere.