Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

LTI/forskrift/2018-12-17-2120·Kunngjort 21. desember 2018·Journalnr. 2018-1325

I kraft fra: 2019-01-01

I

I forskrift 19. desember 2014 nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. skal følgande endring gjerast:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Den personen som det vert søkt tilskot for må ha hatt næringsinntekt frå jordbruk, gartneri mv. frå føretaket i dei to siste inntektsåra som vedkomande har fått skatteoppgjer for per 1. januar i det året avløysinga finn stad. Dersom personen ikkje er innehavar må inntekta ha vore minimum ½ G i gjennomsnitt per år. For nye innehavarar som per 1. januar enno ikkje har fått skatteoppgjer for dei to fyrste åra etter oppstart krevst i staden at jordbruks- eller gartneridrifta i føretaket er egna til å gje dei positiv næringsinntekt over tid.

II

Endringa trer i kraft frå 1. januar 2019.