Hopp til innhold
Forskriftsendring
Helse- og omsorgsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta

LTI/forskrift/2018-12-19-2166·Kunngjort 27. desember 2018·Journalnr. 2018-1343

I kraft fra: 2019-01-01

I

I forskrift 20. desember 2016 nr. 1848 om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta gjøres følgende endringer:

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP): eining i spesialisthelsetenesta innanfor psykisk helsevern som yt poliklinisk helsehjelp til barn og ungdom. Psykiatrisk ungdomsteam (PUT): eining som yt poliklinisk helsehjelp ved rusavhengnad. Overgrepsmottak: spesialisthelseteneste som særskilt yt tilbod til personar som har vorte utsett for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar. Statens barnehus: statleg tilbod til barn og ungdom, og voksne som er særskilt sårbare, når det er mistanke om at dei kan ha vore utsette for, eller vore vitne til, vald eller seksuelle overgrep.

ved poliklinisk helsehjelp til pasientar under 18 år innanfor psykisk helsevern, og ved poliklinisk helsehjelp som vert ytt på BUP til pasientar under 23 år og poliklinisk helsehjelp av rusavhengnad i PUT til pasientar under 30 år.

ved undersøking av personar som søkjer akutt hjelp ved overgrepsmottak.

ved undersøking på Statens barnehus.

II

Endringene gjelder fra 1. januar 2019.