Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot
I kraft fra: 2019-01-01
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:
§ 6 Tilskotsevne andre stykket skal lyde:
Fastsette midlar til skatt tek omsyn til skatt på allmenn inntekt før frådrag for gjeldsrenter o.a. og trygdeavgift. Som allmenn inntekt reknast i denne samanhengen den inntekta som er fastsett etter denne forskrifta § 4. Frådraga er minstefrådrag og personfrådrag. Minstefrådraget skal reknast ut frå satsane for pensjonsinntekt. Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 22 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Trinnskatten skal leggjast til grunn.
«Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot» skal lyde:
Grunnlagstala her blir endra kvart år.
Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)
Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.
Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 3 562 4 992 5 935 6 790 Buutgifter 2 692 2 692 2 692 2 692
Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 624 Deltid, park 249
Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 20 timar per veke 546 SFO inntil 10 timar per veke 335
Frådrag
Barnetrygd
Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)
Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 8 657 7 330 Buutgifter 9 303 5 698
Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 3 417 1 708
Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 22 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Trinnskatten skal leggjast til grunn. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.
Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 215 312 390 450 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 712 1 034 1 293 1 490 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 2 029 2 478 2 839 3 115 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 548 3 111 3 565 3 910
II
Endringane gjeld frå 1. januar 2019.