Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2019-08-01
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:
§ 3-3 fjerde ledd skal lyde:
I vidaregåande skole skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget. Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-47 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd. Det same gjeld dersom fråværet skyldast følgjande delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften kapittel 11. Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, også få vurdering med karakter. Avgjerda ligg hos rektor. Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. tredje ledd.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir det gjort følgjande endring:
§ 3-3 fjerde ledd skal lyde:
I vidaregåande skole skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget. Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-46 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd. Det same gjeld dersom fråværet skyldast følgjande delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften kapittel 11. Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, også få vurdering med karakter. Avgjerda ligg hos dagleg leiar. Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. tredje ledd.
III
Forskrifta gjeld frå 1. august 2019.