Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova

LTI/forskrift/2019-06-21-867·Kunngjort 25. juni 2019·Journalnr. 2019-0572

I kraft fra: 2019-08-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724forskrift/2006-07-14-932
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 3-4Privatskolelova – prskol § 2-3

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir desse endringane gjort:

§ 3-42 andre ledd skal lyde:

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-21 til § 3-23, § 3-44a og § 23-1.

§ 3-44 andre ledd skal lyde:

For å få fag- eller sveinebrev eller praksisbrev må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-12, § 1-13, § 3-21 til § 3-23, § 3-44a og § 23-1. Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb må ikkje ha fellesfag for å få skrive ut fag- eller sveinebrev.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir det gjort følgjande endring:

§ 3-41 andre ledd skal lyde:

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 3-20 til § 3-22, § 3-38 eller § 3-43.

III

Endringane gjeld frå 1. august 2019.