Forskrift om endring i forskrift om tilskot frå Merkur-programmet (Merkur-forskrifta)
I kraft fra: 2019-08-16
I
I forskrift 23. mai 2018 nr. 748 om tilskot frå Merkur-programmet (Merkur-forskrifta) gjerast følgjande endringar eller tilføyingar:
§ 5 nytt sjette ledd skal lyde:
Tilsegn skal aksepterast innan 3 veker frå vedtaksdato. Tilsegn som ikkje blir akseptert innan fristen, blir inndratt.
§ 5 nåverande sjette ledd blir nytt sjuande ledd.
§ 8 overskrifta skal lyde:
§ 8 . Utbetaling av støtte
§ 8 nytt siste punktum skal lyde:
Det vert ikkje gitt støtte til investeringar som allereie er gjennomført før søknaden er ferdig handsama.
§ 11 fyste ledd bokstav b nytt anna punktum skal lyde:
Det kan gjerast særskilte vurderingar for butikkar som har mellom 5 og 10 kilometer avstand til næraste alternative innkjøpssted
har inntil 13 millionar kroner i årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel.
§ 11 tredje ledd skal lyde:
Maksimalt støttebeløp er inntil 600 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år.
§ 12 fyste ledd skal lyde:
Ein butikk som har inntil 8 millionar kroner i omsetning kan få tilskot med inntil 75 prosent av dei totale kostnadene i prosjektet.
§ 12 anna ledd skal lyde:
Ein butikk som har mellom 8 og 10 millionar kroner i omsetning kan få tilskot med inntil 50 prosent av dei totale kostnadene i prosjektet.
har mellom 4 og 8 millionar kroner i årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff og kraftfôr/gjødsel
har under 4 millionar kroner i årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel
§ 28 nytt anna ledd skal lyde:
Ladestasjon for elbil inngår også i ordninga.
§ 28 nåverande anna ledd blir nytt tredje ledd.
§ 28 nåverande tredje ledd blir nytt fjerde ledd.
§ 29 tredje ledd fyste punktum skal lyde:
Maksimalt støttebeløp er 600 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år.
II
Endringane trer i kraft straks.