Forskrift til arrestordreloven (arrestordreforskrifta)
I kraft fra: 2019-11-01
§ 1 . Utforminga av arrestordrar
Ein nordisk arrestordre skal førast i skjemaet som følgjer som vedlegg I til forskrifta. Ein nordisk–europeisk arrestordre skal førast i skjemaet som følgjer som vedlegg II til forskrifta.
§ 2 . Kompetanse til å avgjere om ein nordisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje
Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse i medhald av straffeprosessloven § 67 tredje ledd andre punktum, kan avgjere om ein nordisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje, jf. arrestordreloven § 21.
Statsadvokaten tek avgjerda dersom vedkomande er sikta i Noreg for eit forhold der statsadvokaten eller riksadvokaten har tiltalekompetansen. Har riksadvokaten teke ut tiltale, skal riksadvokaten informerast før avgjerda blir teke. Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse tek likevel avgjerda dersom retten har treft rettskraftig ordskurd om at vilkåra for overlevering ikkje er oppfylte, jf. arrestordreloven § 21.
Statsadvokaten tek også avgjerda dersom det ligg føre ein, to eller fleire nordiske arrestordrar frå fleire statar som gjeld same person. Dersom det ligg føre både ein nordisk arrestordre og eit krav om utlevering frå ein stat utanfor Norden, skal saka sendast via statsadvokaten og riksadvokaten til departementet for avgjerd, jf. arrestordreloven § 29.
§ 3 . Kompetanse til å utferde ein nordisk arrestordre
Ein nordisk arrestordre kan utferdast av politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse i medhald av straffeprosessloven § 67 tredje ledd andre punktum.
Dersom det er utferda sikting for ei handling eller forsøk på ei handling som kan medføre fengsel i meir enn 10 år, eller for brot på straffeloven §§ 104, 105, 108, 109, 135, 136 eller føresegner i straffeloven kapittel 17, skal det innhentast samtykke frå statsadvokaten. Samtykket skal normalt vere skriftleg.
§ 4 . Kompetanse til å avgjere om ein nordisk–europeisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje
Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse i medhald av straffeprosessloven § 67 tredje ledd andre punktum, kan avgjere om ein nordisk–europeisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje når den ettersøkte har samtykt til overlevering, jf. arrestordreloven § 14 tredje ledd.
Statsadvokaten tek avgjerda når den ettersøkte ikkje har samtykt til overlevering, eller vedkomande er sikta i Noreg for eit forhold der statsadvokaten eller riksadvokaten har tiltalekompetansen. Har riksadvokaten teke ut tiltale, skal riksadvokaten informerast før avgjerda blir teke. Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse tek likevel avgjerda dersom retten har treft rettskraftig ordskurd om at vilkåra for overlevering ikkje er oppfylte, jf. arrestordreloven § 14.
Statsadvokaten tek også avgjerda dersom det ligg føre to eller fleire nordisk–europeiske arrestordrar frå ulike statar, eller ein nordisk–europeisk og ein nordisk arrestordre, som gjeld same person. Dersom det ligg føre både ein nordisk–europeisk arrestordre og eit krav om utlevering frå ein stat utanfor EU, skal saka sendast via statsadvokaten og riksadvokaten til departementet for avgjerd, jf. arrestordreloven § 29.
§ 5 . Kompetanse til å utferde ein nordisk–europeisk arrestordre
Ein nordisk–europeisk arrestordre utferdast av statsadvokaten.
§ 6 . Unntak frå kravet om dobbel strafflegging
deltaking i ein kriminell organisasjon terrorisme menneskehandel seksuell utnytting av barn og framstilling av seksuelle overgrep mot barn ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff ulovleg handel med våpen, ammunisjon eller sprengstoff korrupsjon bedrageri, medrekna bedrageri som råkar dei økonomiske interessene til Det europeiske fellesskapet etter konvensjonen 26. juli 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser kvitvasking av utbyte frå straffbare handlingar pengefalsk, medrekna av euroen datarelatert kriminalitet miljøkriminalitet, medrekna ulovleg handel med trua dyreartar, planteartar og plantevariantar tilrettelegging for ulovleg innvandring eller ulovleg opphald drap grov kroppsskade ulovleg handel med organ, vev og liknande frå menneske kidnapping, ulovleg fridomskrenking og gisseltaking rasisme og framandfrykt organisert eller væpna ran ulovleg handel med kulturgjenstandar, medrekna antikvitetar og kunstverk svindel innkreving av vernepengar og utpressing forfalsking og piratomsetnad av produkt forfalsking av administrative dokument og handel med desse forfalsking av betalingsmiddel ulovleg handel med hormonpreparat eller andre vekstfremjande stoff ulovleg handel med kjernefysisk eller radioaktivt materiale ulovleg omsetnad av stolne køyretøy valdtekt påsetting av brann brot som fell innunder domsmakta til Den internasjonale straffedomstolen kapring av fly eller skip sabotasje.
§ 7 . Ikraftsetjing
Forskrifta tek til å gjelde 1. november 2019. Frå same tid blir forskrift 21. september 2012 nr. 896 til arrestordreloven oppheva.
Vedlegg I til arrestordreforskrifta
Skjema for utferding av nordisk arrestordre (pdf)
Vedlegg II til arrestordreforskrifta
Skjema for utferding av nordisk–europeisk arrestordre (pdf)