Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
I kraft fra: 2020-01-01
I
I forskrift 27. november 2018 nr. 1907 om opptak til Universitetet i Bergen gjøres følgende endringer:
I § 1-1 første ledd fjernes det øverste og de to nederste strekpunktene.
I § 1-1 andre ledd tilføyes, mellom henvisningen til forskriften om opptak til høgre utdanning og forskriften om krav til mastergrad, en ny henvisning til forskriften om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning:
forskrift 21. desember 2015 nr. 1771 om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning
I § 2-1 tilføyes et nytt sjuende ledd:
(7) Fakultetet sjølv kan fastsetje særskilde opptakskrav i form av opptaksprøver til studium i utøvande og skapande kunst, musikk og design, jf. § 5-3 (2). Opptaksprøver er berre gyldige det året dei vert haldne.
§ 2-1 gjeldende sjuende ledd blir nytt åttende ledd.
Emna som utgjer den faglege fordjupinga, skal ha eit vekta gjennomsnitt på minimum karakteren C (3,0) eller betre, etter retningslinene for utrekning av karakterpoeng i § 5-4.
I kapittel 2 tilføyes tre nye paragrafer, § 2-4, § 2-5 og § 2-6:
(1) For opptak til PPU gjeld forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning § 6 og § 7.
(2) Nærare krav til fagleg grunnlag for opptak og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga blir fastsett i studieplanen.
(3) Universitetet i Bergen tilbyr PPU med fagdidaktisk fordjuping i eitt eller to fag.
Søkjaren må ha fullført ein mastergrad. Søkjarar til PPU er unnatekne frå kravet om engelsk, jf. § 2-1. Opptaksgrunnlaget er minimum 60 studiepoeng i minst eitt fagområde som er relevant grunnlag for tilsetjing på trinn 5–13 i den norske skulen, og som Universitetet i Bergen tilbyr fagdidaktikk i. Opptaksgrunnlaget for skulefaget naturfag er minimum 90 studiepoeng i relevante emne. Emna som utgjer opptaksgrunnlaget, skal ha eit vekta gjennomsnitt på minimum karakteren C (2,5) eller betre.
(1) For opptak til PPU i skapande og utøvande kunst, musikk og design, gjeld forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning § 3, § 6 og § 7.
(2) Søkjarar må dokumentere ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunst, musikk eller design med minimum 180 studiepoeng i det relevante kunstfaget.
(3) Studentar på bachelorprogram i skapande og utøvande kunst, musikk og design, som har fullført minimum 120 studiepoeng i relevante emne, kan ta PPU som ein integrert del av graden, dersom den er på minst 4 år.
(1) Personar med opphaldsløyve i Noreg kan søkje om å få ta norskkurs ved Universitetet i Bergen. Opptaksgrunnlaget er generell studiekompetanse, med unntak av kravet om norsk og engelsk.
(2) Forkunnskapskrav i norsk språk må oppfyllast for norskkursemne der dette er naudsynt. Forkunnskapskrav i norsk språk blir fastsette av programstyret, og vert kunngjort i emneplanen.
(3) Ved behov kan søknadane rangerast etter prioriteringar gitt i retningslinjer for opptak til Universitetet i Bergen.
I § 4-1 tilføyes et nytt fjerde ledd:
(4) For masterprogram som gir opptak til internasjonale søkjarar som treng studieløyve i Noreg, skal det avsetjast ei kvote til søkjarar med tidleg søknadsfrist. For å få tilbod om studieplass, må desse søkjarane dokumentere eit karakternivå som er tilsvarande eller høgare enn poenggrensa året før. Dette gjeld ikkje for masterprogram som har opptaksprøver som del av opptaksgrunnlaget.
I kapittel 5 tilføyes ny § 5-3:
(1) Ved opptak til studieprogram innan utøvande og skapande kunst, musikk og design skal det gjerast ein skjønsmessig, kunstfagleg vurdering og rangering av søkjarar til dei ulike studieprogramma.
(2) Grunnlaget for vurdering og rangering av søkjarar er opptaksprøver som kan bestå av ferdigheitsprøver, teoriprøver, intervju og fagleg vurdering av innsende arbeid.
(3) Vurdering og rangering skjer etter kriteria gitt i retningsliner for opptak til Universitetet i Bergen.
Gjeldende § 5-3, § 5-4 og § 5-5 blir nye § 5-4, § 5-5 og § 5-6.
I § 5-4 (tidligere § 5-3) gjøres disse endringene:
a) I overskriften tilføyes på slutten ordene «og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)»
b) Første ledd første punktum skal lyde:
Søkjarar til 2-årige masterprogram og PPU blir rangerte innbyrdes på grunnlag av konkurransepoeng.
c) Andre ledd skal lyde:
(2) For søkjarar med bokstavkarakterar blir følgjande omrekningsskala nytta som grunnlag for utrekning av gjennomsnittskarakter: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. Ved utrekning av karaktersnitt i rangeringsgrunnlaget, blir kvar karakter erstatta med det tilsvarande talet. For kvart emne som inngår i rangeringsgrunnlaget, blir talet multiplisert med talet på studiepoeng og produktet blir summert. Denne summen blir dividert på totalt tal på studiepoeng, og resultatet blir utrekna med to desimal.
Døme på utrekning med opptaksgrunnlag på 90 studiepoeng: Bokstavkarakter Tallekvivalent Studiepoeng Tallekvivalent ganger studiepoeng A 5 15 75 C 3 15 45 B 4 15 60 C 3 20 60 B 4 10 40 B 4 10 40 D 2 5 10 SUM 90 330
Rangeringsgrunnlag: 330 delt på 90 = 3,66
d) Nytt tredje ledd skal lyde:
(3) Nærare føresegn om omrekning av karakterar frå andre karakterskalaer er gitt i retningsliner for opptak til Universitetet i Bergen.
e) Nåværende tredje ledd blir nytt fjerde ledd.
f) Det tilføyes et nytt femte ledd:
(5) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning vil søkjarar med to fag ha priorietet framfor søkjarar med eitt fag.
I § 6-1 endres «Universitetet» til «Universitetet i Bergen».
I kapittel 6 tilføyes en ny § 6-2:
Universitetet i Bergen kan gi tilbod om studieplass på visse vilkår til søkjarar til utøvande og skapande kunst, musikk og design som ikkje tilfredsstiller heile opptakskravet på det tidspunktet dei får tilbod om studieplass. Søkjarar som får tilbod på visse vilkår må gjennomføre og greie manglande eksamenar ved første mogelege anledning, og seinast innan 1 år.
Gjeldende § 6-2 blir ny § 6-3.
§ 6-3 (tidligere § 6-2) tredje ledd skal lyde:
(3) Det kan ikkje bli gitt tilbod på visse vilkår til internasjonale søkjarar som må ha opptak for å få studieløyve i Noreg.
I § 7-1 tilføyes et nytt fjerde ledd:
(4) Til studium som krev opptaksprøver, jf. § 2-1 (7) og forskrift om høgre utdanning § 4-9, blir det som hovudregel ikkje innvilga utsett studiestart eller reservert studieplass.
I kapittel 7 blir det tilføyd to nye paragrafer, § 7-5 og § 7-6:
I studium der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksisstudium eller klinisk undervisning, er det krav om at studentar leverer politiattest ved opptak, jf. forskrift om opptak til høgre utdanning kap. 6.
I studium der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksisstudium eller klinisk undervisning, er det krav om tuberkulosekontroll, jf. § 3 i forskrift om tuberkulosekontroll.
Gjeldende § 7-5 og § 7-6 blir nye § 7-7 og § 7-8.
I § 7-7 (tidligere § 7-5) tilføyes et nytt andre ledd:
(2) Ved vedtak som er basert på ei skjønsmessig, kunstfagleg vurdering, jf. § 5-3, er det berre mogleg å klage på formelle feil i samband med gjennomføring av opptaksprøver.
§ 7-7 gjeldende andre, tredje og fjerde ledd blir nye tredje, fjerde og femte ledd.
I § 7-8 (tidligere § 7-6) tilføyes et nytt fjerde ledd:
(4) Fakultetsstyret ved Fakultet for kunst, musikk og design oppnemner opptakskomitear for å vurderer søkjarar til studium i utøvande og skapande kunst, musikk og design.
II
Forskriften trer i kraft 1. januar 2020. Fra samme tid opppheves forskrift 15. februar 2018 nr. 241 om opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.