Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2019-12-02-1691·Kunngjort 10. desember 2019·Journalnr. 2019-1071

I kraft fra: 2020-01-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 4a-3

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

§ 4-13 tredje ledd skal lyde:

Kommunen har ansvaret for vurderinga av realkompetanse i grunnskolen. Fylkeskommunen har ansvaret for vurderinga av realkompetanse i vidaregåande opplæring. Vurderinga skal utførast på forsvarleg grunnlag og utan ugrunna opphald. Kommunen og fylkeskommunen kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk og samisk.

Noverande fjerde ledd vert oppheva, og noverande femte og sjette ledd vert nye fjerde og femte ledd.

§ 6-46 andre ledd siste punktum vert oppheva.

II

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2020.