Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
I kraft fra: 2020-01-01
I
I forskrift 19. desember 2014 nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. skal denne endringa gjerast:
§ 5 skal lyde:
Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for er gravid og tek i mot svangerskapspengar, eller søkjer kan dokumentere med vedtak eller erklæring frå NAV at personen fyller dei medisinske vilkåra for rett til svangerskapspengar.
tek i mot foreldrepengar etter folketrygdlova kapittel 14, har fått eingongsstønad ved fødsel etter folketrygdlova kapittel 14, eller har dagleg omsorg for eit barn og søkjar kan dokumentere med avslagsvedtak eller erklæring frå Nav, at årsaka til at personen ikkje får foreldrepengar er at oppteningsvilkåra i folketrygdlova § 14-6 ikkje var oppfylte, og med attest frå Folkeregisteret, at personen er registrert som far eller medmor til barnet og bur saman med barnet på same adresse.
Tilskot etter andre ledd nr. 2 kan gjevast for ei samanhengande periode tilsvarande mødrekvota og fellesdelen av foreldrepengeperioden ved fullt uttak av 100 % foreldrepengar. Tilskot etter andre ledd nr. 3 kan gjevast for ei samanhengande periode tilsvarande fedrekvota ved fullt uttak av 100 % foreldrepengar.
I samband med fødsel kan det gjevast tilskot for avløysing av faren i inntil 14 dagar dersom han bur saman med mora til barnet og føretaket ikkje tek i mot tilskot for avløysing av mor i desse dagane. Der adoptivforeldre og fosterforeldre tek over omsorga kan det òg ytast slikt tilskot til ein av foreldra. Dette gjeld likevel ikkje ved stebarnsadopsjon eller der barnet er over 15 år.
II
Endringa trer i kraft frå 1. januar 2020.