Mellombels forskrift om sensurfristar ved Norges Handelshøyskole (NHH)
I kraft fra: Eksamenar avlagt vår- og haustsemesteret, 2020
§ 1 . Område denne forskrifta gjeld for
Forskrifta gjeld nærare oppgjevne eksamenar i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og for autorisasjonsprøve i oversettelse (translatøreksamen) ved Norges Handelshøyskole.
§ 2 . Kunngjeringsdatoar for ordinære eksamenar i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon
Sensur vert kunngjort seinast fire veker etter eksamensdagen i MET3 Databehandling for økonomer og RET1 Rettslære for økonomer.
§ 3 . Kunngjeringsdatoar for autorisasjonsprøve i oversettelse
Sensur vert kunngjort seinast fem veker etter eksamensdagen i autorisasjonsprøve i oversettelse.
§ 4 . Ikraftsetjing m.m.
Forskrifta tek til å gjelde frå og med eksamenar avlagt i vårsemesteret 2020 og gjeld til og med eksamenar avlagt i haustsemesteret 2020. For eksamen i emne som ikkje er nemnd i forskrifta, gjeld fristen på tre veker etter lov om universiteter og høyskoler.
Unntak for ordinær sensurfrist gjeld det semesteret emnet vert undervist.