Forskrift om endring i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta
I kraft fra: 2020-01-01
I
I forskrift 20. desember 2016 nr. 1848 om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta gjøres følgende endringer:
§ 4 andre ledd skal lyde:
Som betaling for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av legar, psykologar, tannlegar, sjukepleiarar, jordmødrer, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar, audiografar, ortoptistar optikarar, stråleterapeutar, sosionomar, vernepleiarar, pedagogar, barnevernspedagogar og logopedar kan pasienten krevjast for 351 kroner. Pasienten kan også krevjast for 351 kroner når personell på poliklinikk kartlegg genetiske eigenskapar og gjev genetisk rettleiing etter krava i bioteknologiloven. Ved psykiatrisk poliklinikk og ruspoliklinikk omfattar dette også poliklinisk helsehjelp ytt av personell med anna relevant høgskule- og universitetsutdanning.
§ 4 sjette ledd skal lyde:
Det kan krevjast betaling frå pasient for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av personell som nemnd i andre leden når helsehjelpa vert ytt ved avstandskonsultasjon ved telefon eller video. Pasienten skal ikkje betale eigendel for nettbasert behandlingsprogram.
§ 7 første ledd skal lyde:
Om pasienten ikkje møter opp til avtala time, og let vera å melda frå tidlegare enn 24 timar føre timen, kan pasienten verta kravd for 1 053 kroner i fråværsgebyr.
II
Endringene gjelder fra 1. januar 2020.