Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

LTI/forskrift/2020-01-13-44·Kunngjort 15. januar 2020·Journalnr. 2020-0054

I kraft fra: 2020-01-13

Endrerforskrift/2017-03-20-386
Hjemmellov/2003-07-04-83 § 12-1forskrift/2019-06-21-788Postloven § 53forskrift/2020-01-10-33Lov om elektroniske tillitstjenester § 7forskrift/2001-06-15-611 § 9Selvdeklarasjonsforskriften § 15

I

I forskrift 20. mars 2017 nr. 386 om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet skal det gjerast følgjande endringar:

§ 1 skal lyde:

Formålet med forskrifta er å finansiere Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine oppgåver gjennom gebyr og sektoravgifter slik at dei er sjølvfinansierte. Midlane skal nyttast best mogleg for å nå målsettingane med ekomloven, postloven og lov om elektroniske tillitstjenester.

§ 2 skal lyde:

48,2 % frå tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjons- teneste, tilbydarar av tillitstenester, innehavarar av løyve til å bruke nummer-, namn- og adresseressursar og verksemder som deler ut domenenamn under norske landtoppdomene 40,6 % frå innehavarar av frekvensløyve 8,4 % frå registrerte importørar, produsentar og radioforhandlarar, autoriserte installatørar, innehavarer av løyve for aeromobilt utstyr, nødpeilesendarar og anna radioutstyr og for nasjonale godkjenningar av radio- og terminalutstyr 2,8 % frå tilbydarar av posttenester.

Løyve i statsbudsjettet til Radiostøykontrollen reduserer sektoravgifta for frekvensløyve, jf. fyrste ledd bokstav b.

§ 3 skal lyde:

Gebyrinntekta for kvart forvaltningsområde blir trekt frå berekna sektoravgift for det relevante området og reduserer sektoravgifta som kan krevjast inn frå kvart område.

§ 5 skal lyde:

Departementet kan årleg utan høyring, jf. forvaltningsloven § 37 fjerde ledd bokstav c, fastsette endringar i forskrifta som justerer sektoravgift og gebyr i samsvar med prosentvis endring i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet sine løyvingar i statsbudsjettet.

§ 7 skal lyde:

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak fastsetje ei sektoravgift for tilbydar av tillitstenester som er registreringspliktig, i tillegg til sektoravgift for frivillige sertifiserings-, godkjennings- eller sjølvdeklarasjonsordningar etter lov om elektroniske tillitstjenester.

§ 13 skal lyde:

Innehavaren av eit sendarløyve for riksdekkjande kringkastingsnett, skal betale ei sektoravgift på kr 500 000 for kvart nett, i tillegg til ei sektoravgift for kvar sendar etter tredje ledd.

Innehavar av sendarløyve for andre kringkastingsnett, skal betale ei sektoravgift på kr 2 000 for kvart nett, i tillegg til ei sektoravgift for kvar sendar etter tredje ledd.

For kvar sendar skal innehavar av sendarløyve betale sektoravgift som går fram av tabellen under. Frekvensband Type nett Sendareffekt <50 W skal betale i kr Sendareffekt 50–1000 W skal betale i kr Sendareffekt >1000 W skal betale i kr Sendar i frekvensband < 30 MHz andre kringkastingsnett 23 585 39 305 78 610 Sendar i frekvensband ≥ 30 MHz andre kringkastingsnett 470 785 1 570

§ 15 skal lyde:

Innehavarar av spektrumsløyve skal betale sektoravgift. Sektoravgifta innehavarane av spektrumsløyve skal betale er samla sektoravgift etter § 3 andre ledd b etter frådrag for sektoravgift og gebyr etter § 11 til § 14, § 16.

20 % av sektoravgifta etter første ledd skal fordelast mellom innehavarar av spektrumsløyve med ein lik del for kvar samanhengande frekvensblokk dei disponerer.

Beløpet etter første ledd, der summen av andre ledd første punktum er trekt frå, skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve i høve til bandbreidda som spektrumsløyvet omfattar. Bandbreidda blir tilordna ei vekt lik 1/f, der f er senterfrekvensen i det frekvensbandet frekvensblokka ligg i. Bandbreidda blir òg tilordna ei vekt som i tabellen under. For regionale løyve blir vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet for løyvet. For Svalbard blir vekta multiplisert med 1/100. For området offshore blir vekta multiplisert med 1/5. Sektoravgifta som blir rekna ut på grunnlag av disponert bandbreidde, er lik den vekta bandbreidda som spektrumsløyvet omfattar, delt på den samla vekta bandbreidda multiplisert med beløpet etter tredje ledd første punktum. Frekvensband Vekt 0–30 MHz 0,025 47–68 MHz 0,1 137–174 MHz 4,0 174–240 MHz 7,0 380–400 MHz 3,0 400–470 MHz 6,0 470–694 MHz 3,0 738–758 MHz 7,0 703–733/758–788 MHz 7,0 791–821/832–862 MHz 8,0 870–880/915–925 MHz 4,0 880–915/925–960 MHz 9,0 1427–1517 MHz 14,0 1710–1785/1805–1880 MHz 17,0 1900–1980/2110–2170 MHz 20,0

§ 23 skal lyde:

Departementet avgjer klage på enkeltvedtak etter forskrift.

§ 26 blir oppheva.

II

Endringane tek til å gjelde frå 13. januar 2020.