Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
LTI/forskrift/2020-02-20-180·Kunngjort 25. februar 2020·Journalnr. 2020-0174
I kraft fra: 2020-03-01
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7
I
I forskrift 27. november 2018 nr. 1907 om opptak til Universitetet i Bergen vert det gjort slike endringar:
I § 2-2 tredje ledd bokstav d vert formuleringa «minimum karakteren C (3,0)» endra til «minimum karakteren C (3,00)».
§ 2-2 tredje ledd gjeldande bokstav c, c og d blir ny bokstav c, d og e.
I § 5-4 første ledd bokstav a vert det lagt til nytt tredje og fjerde punktum:
Dersom utrekninga gir meir enn to desimalar, skal alle frå og med den fjerde desimalen strykast. Ein eventuell tredje desimal vert nytta til å høgne den andre desimalen, etter vanlege reknereglar.
II
Endringane tek til å verke frå 1. mars 2020.