Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova

LTI/forskrift/2020-03-04-225·Kunngjort 4. mars 2020·Journalnr. 2020-0212

I kraft fra: 2020-03-04 – 2020-08-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724forskrift/2006-07-14-932
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 3-4Privatskolelova – prskol § 2-3

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir denne endringa gjort:

Ny § 3-3a skal lyde:

Kravet til å dokumentere fråvær etter reglane om fråværsgrensa i § 3-3 fjerde ledd og reglane om føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis i § 3-47 femte og sjette ledd og § 3-41 fjerde og femte ledd gjeld ikkje for fråvær av helsegrunnar. Eleven må likevel ved fråvær av helsegrunnar leggje fram stadfesting frå ein forelder. Myndige elevar kan leggje fram eigenmelding.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir denne endringa gjort:

Ny § 3-3a skal lyde:

Kravet til å dokumentere fråvær etter reglane om fråværsgrensa i § 3-3 fjerde ledd og reglane om føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis i § 3-46 femte og sjette ledd og § 3-40 fjerde og femte ledd gjeld ikkje for fråvær av helsegrunnar. Eleven må likevel ved fråvær av helsegrunnar leggje fram stadfesting frå ein forelder. Myndige elevar kan leggje fram eigenmelding.

III

Forskrifta gjeld frå 4. mars 2020 til 1. august 2020.