Mellombels forskrift om tillegg til forskrift 9. mai 2019 nr. 1000 om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
I kraft fra: 2020-03-16 – 2020-09-15
§ 1 . Føremål
Føremålet med forskrifta er å sikre at studentane kan fullføre emne og utdanning utan større forseinkingar enn nødvendig. Alle endringar gjort med heimel i denne forskrifta skal ivareta dei faglege krava ved utdanninga.
§ 2 . Endring av progresjon- og forkunnskapskrav
Fakultet kan endre studiemodellen på utdanninga, til dømes ved endring av progresjon- og forkunnskapskrav.
§ 3 . Endring av vurderingsform
Fakultetet kan endre vurderingsforma i emne, og tidspunkt for gjennomføring av vurdering.
§ 4 . Endring av arbeidsformer, obligatoriske læringsaktivitetar og arbeidskrav
Fakultetet kan endre arbeidsformer, obligatoriske læringsaktivitetar og arbeidskrav i emne, og frist for gjennomføring av desse.
§ 5 . Dispensasjon frå obligatoriske læringsaktivitetar og arbeidskrav
Fakultetet kan gi studentar anledning til å gjennomføre vurdering i emnet sjølv om obligatoriske læringsaktivitetar eller arbeidskrav ikkje er godkjent. I slike tilfelle må læringsutbyttet bli oppnådd på annan måte, eller innanfor ein frist som vert fastsett av fakultetet. Dersom krav ikkje er oppfylt innan gitt frist, er ikkje eksamensresultatet gyldig og vert oppheva.
§ 7 . Eigenmelding
Rektor kan tillate eigenmelding ved fråvær frå vurdering, obligatoriske aktivitetar og arbeidskrav. Dersom eigenmelding tas i bruk, skal eigenmeldt fråvær bli rekna som gyldig fråvær, og gje dei same rettane som fråvær dokumentert med legeerklæring eller tilsvarande dokumentasjon.
§ 8 . Fullmakt
Rektor får fullmakt til å vedta endringar i tråd med § 1. Styret får orientering om slike endringar.
§ 9 . Varigheit
Denne forskrifta gjeld frå vedtaksdato til 15. september 2020.