Mellombels forskrift om studium og eksamen grunna SARS-CoV-2 (koronavirus) – tillegg til forskrift 4. desember 2014 nr. 1697 om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
I kraft fra: 2020-03-19 – 2020-09-01
§ 1 . Formål
Mellombels forskrift skal sikre at studentar ved Høgskulen i Volda får gjennomført utdanninga si og får tildelt grad og vitnemål utan forseinking/minst mogleg forseinking på grunn av høve knytt til koronavirus (SARS-CoV-2).
§ 2 . Sensurfrist
Rektor kan utvide sensurfristen for vurdering på emne grunna forhold relaterte til koronavirus. Ei eventuell utviding av sensurfrist skal normalt ikkje overstige to veker utover ordinær sensurfrist for vedkomande vurdering.
§ 3 . Reglar for godkjenning av obligatoriske aktivitetar i eit emne
(1) All undervisning som krev fysisk frammøte våren 2020 er omgjort til digitale undervisningsformer. Krav om obligatorisk frammøte våren 2020 er oppheva.
(2) Dersom ein student på grunn av eigen sjukdom eller sjukdom blant HVO sine tilsette ikkje får høve til å gjennomføre og få godkjent obligatoriske aktivitetar i eit emne, skal studentane likevel få høve til å gjennomføre eksamen i emnet. Dekan kan pålegge studenten å gjennomføre aktivitetar innan ein gitt frist for at eksamensresultatet skal vere gyldig.
(3) Dersom ein student på grunn av andre forhold relaterte til koronavirus utanfor studenten eller HVO sin kontroll ikkje får høve til å gjennomføre og få godkjent obligatoriske aktivitetar i eit emne, skal avdelinga likevel gi studenten høve til å gjennomføre eksamen i emnet. Dekan kan pålegge studenten å gjennomføre aktivitetar innan ein gitt frist for at eksamensresultatet skal vere gyldig.
(4) Ein student som er omfatta av andre eller tredje ledd i denne paragrafen må søkje dekan om dispensasjon. Det skal leggast betydeleg vekt på at ein må unngå forseinkingar i emnet og studieprogrammet.
§ 4 . Endring av eksamensform
(1) Alle eksamenar som krev fysisk frammøte ved HVO skal bli omgjort til alternative eksamensformer utan krav om fysisk frammøte. Omgjeringa av eksamen kan også inkludere ei omgjering av karakterskala (stått/ikkje stått eller gradert karakterskala (A–F)).
(2) Alle endringar av eksamen skal godkjennast av prorektor (leiar av Utdanningsutvalet).
(3) Alle endringar i eksamensform, med bakgrunn i denne forskrifta, vil gjelde eksamen våren 2020 og alle kontinuasjonseksamenar haust 2020.
§ 5 . Dispensasjon frå krav til forkunnskapar
Dersom ein student manglar krav til forkunnskapar til emne i haustsemesteret 2020 av grunnar relatert til koronavirus, skal dekan ved opptak til emnet gi dispensasjon frå forkunnskapskrava. Studenten kan verte pålagt å gjennomføre forkunnskapskrava innan ein gitt frist for å kunne fortsette i studiet.
§ 6 . Eigenmelding om fråvær frå eksamen
Studenten skal levere eigenmelding ved fråvær frå eksamen grunna sjukdom. Eigenmeldt fråvær vert akseptert som gyldig fråvær, og gir dei same rettane som ved legeerklæring eller tilsvarande dokumentasjon. Høgskuledirektøren avgjer korleis eigenmeldingar skal leverast.
§ 7 . Varigheit
Denne forskrifta vert sett i verk straks, og gjeld fram til 1. september 2020.