Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
I kraft fra: 2020-04-06
I
I forskrift 27. november 2018 nr. 1907 om opptak til Universitetet i Bergen gjøres følgende endring:
Ny § 6-4 skal lyde:
Universitetet i Bergen kan ved opptaket i 2020 gi opptak til masterutdanning som ikkje er grunnutdanning til søkjarar som manglar inntil 15 studiepoeng eller eit enkeltemne som er større enn 15 studiepoeng i sin bachelorgrad, på grunn av tilhøve relatert til koronavirus (SARS-CoV-2). Det same gjeld for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Dersom det viser seg å vere nødvendig, kan det etter tilhøva gjerast også for einskilde andre utdanningar.
Vilkåret for opptak etter første ledd er at studenten normalt fullfører manglande emne(r) i bachelorgraden ved første høve, og seinast innan utgangen av vårsemesteret 2021.
Første og andre ledd gjeld ikkje for krava til dokumenterte språkferdigheiter i norsk og engelsk.
II
Endringen trer i kraft straks (6. april 2020).