Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2020-04-29
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
Ny § 23-5 skal lyde:
Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna utbrotet av covid-19 manglar eksamenskarakterar i eitt eller fleire fag, eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, får i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-42 andre ledd.
Dispensasjonen i første ledd gjeld ikkje for eksamen i lærefag som ifølgje læreplanen har krav om ein eigen eksamen før fag- eller svenneprøva. Dispensasjonen gjeld heller ikkje for eksamen som gir flyteknisk sertifisering.
Ny § 23-6 skal lyde:
Kravet i § 3-48 andre ledd andre punktum gjeld ikkje for kandidatar som har bestått prøva. Kravet om å fullføre læretida gjeld heller ikkje for dei som har vore permitterte eller oppsagte i mindre enn tre månader, og som etter lærebedrifta si vurdering har føresetnader for å gjennomføre prøva.
Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar må gi skriftleg samtykke til å gjennomføre prøva på eit tidlegare tidspunkt i læretida enn det som følgjer av § 3-48 andre ledd første punktum.
Ny § 23-7 skal lyde:
For prøver i 2020 avgjer prøvenemnda om fleire enn eitt av medlemmene i prøvenemnda skal vere fysisk til stade på prøvestaden ved prøvestart og prøveslutt.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova skal ny § 3-38c lyde:
Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna utbrotet av covid-19 manglar eksamenskarakterar i eitt eller fleire fag, eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, får i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-42 andre ledd.
Dispensasjonen i første ledd gjeld ikkje for eksamen i lærefag som ifølgje læreplanen har krav om ein eigen eksamen før fag- eller svenneprøva. Dispensasjonen gjeld heller ikkje for eksamen som gir flyteknisk sertifisering.
III
Forskrifta tek til å gjelde straks.