Forskrift om opptak ved Fagskolen i Hordaland
I kraft fra: 2020-04-29
§ 1-1 . Generelt om opptak
(1) Opptak av studentar til Fagskolen i Hordaland skjer gjennom Samordna opptak. Dette gjev felles kvalifikasjonskrav og reglar for poengutrekning for søkjarar i heile landet. Opptak av studentar skjer berre på grunnlag av poengutrekning og rangering (realkompetanse vert rekna om til poeng). Dette gjev høve til å sjå både tal og poengnivå for søkjarar ved opptak til kvar fagskuleutdanning.
(2) Ordinær søknadsfrist til fagskuleutdanning ved Fagskolen i Hordaland er 15. april. Ved avvikande søknadsfrist vert dette kunngjort på heimesida.
(3) Ved opptak vert søkjarar rangert jf. § 1-7 i denne forskrifta.
§ 1-2 . Opptakskrav
(1) Opptak til studia ved Fagskolen i Hordaland er jf. fagskuleforskrifta § 7 anten relevant fag- eller sveinebrev, treårig yrkesfagleg opplæring eller generell studiekompetanse, jf. Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring nivå 4, eller tilsvarande realkompetanse.
(2) Spesielle opptakskrav (t.d. krav til autorisasjon, opptaksprøver, karakter o.l.) og informasjon om kva som er relevant utdanning som gjev grunnlag for opptak, er nedfelt i studieplanane.
§ 1-3 . Opptak på vilkår
(1) Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag- eller sveineprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass. Fagprøven må vere gjennomført innan 1. oktober i opptaksåret.
søkjaren består eksamen i eitt eller fleire fag i vidaregåande opplæring i løpet av fyrste semester søkjaren har standpunktkarakter 2 eller betre i faget søkjaren har ikkje allereie avsluttande vurdering i faget, og søkjaren oppfyller fastsette karakterkrav når eksamen er avlagt.
Ved spesielle høve meiner ein sjukdom, ulykke eller dødsfall i nær familie.
(3) Søkjarar som har fått opptak på vilkår, kan ikkje reservere studieplassen.
(4) Studenten misser plassen og studieretten om han/ho ikkje består eller ikkje fullfører fagprøven eller eksamen innan fristen jf. denne paragrafen.
§ 1-4 . Søkjarar med utanlandsk utdanning
(1) Søkjarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifisert for opptak ved Fagskolen i Hordaland når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gjev generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk fagskuleutdanning.
(2) Søkjarar utanfor Norden kan jf. opplæringslova § 3-4a søkje NOKUT om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring. Alternativt må ein dokumentere opplæring og praksis ved autorisert translatør og ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studieretningar. Sjå § 1-9 om realkompetansevurdering i denne forskrifta. Søkjarane må i tillegg dokumentere kunnskapar på nivå med B2 i «Test i Norsk – høyere nivå» (Bergenstesten) eller tilsvarande jf. § 9 tredje ledd i fagskuleforskrifta.
§ 1-5 . Reservasjon av studieplassen
(1) Søkjarar som har fått opptak ved Fagskolen i Hordaland, kan etter søknad få inntil to års utsetting av studiestart ved sjukdom, svangerskap, barsel, verneplikt eller andre tungtvegande grunnar.
(2) Søknad med dokumentasjon skal sendast til fagskulen innan tre veker etter at tilbod om studieplass er motteke.
§ 1-6 . Krav til politiattest
(1) Ved utdanningar der studentar kan kome i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksis eller klinisk undervisning, er det krav om at studenten legg fram politiattest ved opptak, jf. fagskulelova § 27 og politiregisterlova § 39. Politiattesten skal vere slik som det går fram av barnevernlova § 6-10 andre ledd. Krav om politiattest skal gjerast kjent for studenten ved opptak til studium som er omfatta av desse føresegnene.
(2) Søkjar må leggje fram politiattest innan 4 veker etter at søkjaren har fått tilbod om studieplass. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
(3) Fornya vandelskontroll kan gjennomførast i løpet av studiet dersom det ligg føre nye opplysningar jf. politiregisterlova § 43.
(4) Det er den lokale klagenemnda ved fagskulen som vurderer og fattar vedtak om at ein student skal misse retten til å delta i praksis eller klinisk undervisning basert på politiattest. Studenten kan klage på vedtaket til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning. Sjå kap. 5 om klagehandsaming i forskrift for Fagskolen i Hordaland.
§ 1-7 . Poengutrekning
Omtale Poeng Det generelle grunnlaget for opptak § 1-2 første ledd 10 poeng Relevant yrkespraksis i 100 % stilling utover det generelle grunnlaget for opptak, jf. gjeldande studieplan 1 poeng per 6 md. (inntil 10 poeng) Fagprøve med «greidd mykje godt» 5 poeng Relevant fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet inkl. praksistid 5 poeng Relevant fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet med «greidd mykje godt» 2 poeng Gjennomsnittleg karakterpoeng av talkarakterane i alle fag. Multipliserast med 10
§ 1-8 . Rangering
(1) Den med høgast poengsum vert rangert først. Ved lik poengsum skal søkjarar rangerast etter alder. Eldre søkjarar vert rangert først.
(2) Om det er venteliste etter at det ordinære opptaket er gjennomført, skal fagskulen tilby eventuelle ledige studieplassar til søkjarane på venteliste jf. føresegner om rangering og poengutrekning i denne forskrifta.
(3) Om det er ledige studieplassar utan venteliste etter det ordinære opptaket er gjennomført, kan fagskulen tilby studieplassane til kvalifiserte søkjarar. Søknader om opptak etter denne føresegna vert handsama i den rekkefølgja dei kjem.
§ 1-9 . Realkompetansevurdering
(1) Fagskolen i Hordaland gjennomfører realkompetansevurderinga i tråd med fagskulelova § 16 og fagskuleforskrifta § 7. Kompetansen til søkjaren vert vurdert opp mot læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevante programområde. Informasjon om kva som er relevant yrkesutdanning, er nedfelt i studieplanane. Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre gjelde for den utdanninga det vert realkompetansevurdert til.
Søkjarar som har fullført vidaregåande opplæring, men i eit anna utdanningsprogram enn det som er det formelle opptakskravet Søkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring Søkjarar med utanlandsk utdanning.
(3) Søkjarar må dokumentere kompetanse i felles allmenne fag som svarar til nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) og ha fylt 23 år i søkjeåret.
(4) Det er rektor som fattar vedtak om opptak på bakgrunn av realkompetanse etter innstilling frå opptakskomiteen jf. § 1-10 i denne forskrifta.
§ 1-10 . Ansvar for opptak
Rektor er ansvarleg for opptak og skal på vegner av styret sørgje for at opptaka til fagskuleutdanningane blir gjennomført korrekt. Rektor nemner opp medlemmer til ein opptakskomite. Komiteen skal gjennomføre det praktiske opptaket og også vurdere realkompetanse. Komiteen er sett saman av administrativt og pedagogisk tilsette. Det er rektor som fattar endeleg vedtak om opptak.
§ 1-11 . Klage på vedtak om opptak
Opptak til fagskulen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b og kan klagast på etter denne lova (§ 28 og § 29). Klage på opptak vert handsama av Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning. Klage på opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering vert handsama av lokal klagenemnd for Fagskolen i Hordaland (sjå kap. 5 i forskrift for Fagskolen i Hordaland).
§ 1-12 . Ikraftsetjing og oppheving
Denne forskrifta trer i kraft 29. april 2020 og erstattar forskrift 28. november 2019 nr. 1604 om opptak ved Fagskolen i Hordaland.