Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2020-05-08
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir desse endringane gjort:
Ny § 3-3b skal lyde:
Fråvær frå og med 13. mars 2020 og ut skoleåret 2019–2020 skal ikkje reknast som udokumentert etter reglane om fråværsgrensa i § 3-3 fjerde ledd, og fråværet skal ikkje førast på vitnemål og kompetansebevis etter reglane i § 3-41 første ledd og § 3-47 første ledd.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir desse endringane gjort:
Ny § 3-3b skal lyde:
Fråvær frå og med 13. mars 2020 og ut skoleåret 2019–2020 skal ikkje reknast som udokumentert etter reglane om fråværsgrensa i § 3-3 fjerde ledd, og fråværet skal ikkje førast på vitnemål og kompetansebevis etter reglane i § 3-40 første ledd og § 3-46 første ledd.
III
Forskrifta tek til å gjelde straks.