Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og familiedepartementet

Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot

LTI/forskrift/2020-06-29-1421·Kunngjort 30. juni 2020·Journalnr. 2020-1056

I kraft fra: 2020-07-01

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:

§ 6 Tilskotsevne, tredje ledd skal lyde:

Midla til eige underhald er satt som ein fast sats for einslege, og ein fast sats for sambuande/gifte. Satsane skal regulerast årleg i medhald av endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Satsane skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Satsane skal òg haldast vedlike ved at satsane blir samanlikna med større endringar som gjerast i Forbruksforskningsinstituttet SIFO sitt referansebudsjett for forbruksutgifter.

«Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot» skal lyde:

Grunnlagstala her blir endra kvart år.

Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)

Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.

Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 4 228 5 710 6 913 7 953 Buutgifter 2 825 2 825 2 825 2 825

Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 643 Deltid, park 257

Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 20 timar per veke 589 SFO inntil 10 timar per veke 358

Frådrag

Barnetrygd

Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)

Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 9 818 8 313 Buutgifter 9 764 5 981

Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 3 841 1 921

Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 22 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Trinnskatten skal leggjast til grunn. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.

Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 256 353 457 528 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 849 1 167 1 513 1 749 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 2 272 2 716 3 199 3 528 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 852 3 410 4 016 4 429

II

Endringa gjeld frå 1. juli 2020.