Forskrift om endring i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta
I kraft fra: 2020-07-03
I
I forskrift 20. desember 2016 nr. 1848 om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta gjøres følgende endringer:
§ 4 andre og tredje ledd skal lyde:
Som betaling for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av legar, psykologar, tannlegar, sjukepleiarar, jordmødrer, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar, audiografar, ortoptistar optikarar, stråleterapeutar, sosionomar, vernepleiarar, pedagogar, barnevernspedagogar og logopedar kan pasienten krevjast for 375 kroner. Pasienten kan også krevjast for 375 kroner når personell på poliklinikk kartlegg genetiske eigenskapar og gjev genetisk rettleiing etter krava i bioteknologiloven. Ved psykiatrisk poliklinikk og ruspoliklinikk omfattar dette også poliklinisk helsehjelp ytt av personell med anna relevant høgskule- og universitetsutdanning.
Ein kan krevje 267 kroner i betaling frå pasienten for gransking av bilete frå radiologisk undersøking, ultralydundersøking ved spesialavdeling og nukleærmedisinsk undersøking.
ved rettleiing om, innsetting eller fjerning av langtidsverkande prevensjon til kvinner i fertil alder som får behandling i Legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
§ 7 første og andre ledd skal lyde:
Om pasienten ikkje møter opp til avtala time, og let vera å melda frå tidlegare enn 24 timar føre timen, kan pasienten verta kravd for 1 125 kroner i fråværsgebyr.
Om den avtala timen gjeld poliklinisk helsehjelp innan psykiatri eller rusbehandling, skal det ikkje krevjast høgare gebyr enn 375 kroner.
II
Forskriften trer i kraft 3. juli 2020.