Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova

LTI/forskrift/2020-06-29-1474·Kunngjort 2. juli 2020·Journalnr. 2020-1076

I kraft fra: 2020-08-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724forskrift/2006-07-14-932
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 2-3lov/1998-07-17-61 § 3-4lov/1998-07-17-61 § 13-3dlov/1998-07-17-61 § 4a-3lov/1998-07-17-61 § 4a-4Privatskolelova – prskol § 2-3Privatskolelova – prskol § 7-1d

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova gjøres følgende endringer:

Kapittel 3 skal lyde:

Kapitlet gjeld for elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar som får opplæring i offentleg skole og skole godkjend etter opplæringslova § 2-12.

Kapitlet gjeld privatistar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb der det er særskilt fastsett.

Dei som får privat opplæring i heimen, er ikkje omfatta av kapitlet.

Vaksne som får opplæring særskilt organisert for seg etter opplæringslova kapittel 4A, får vurdering etter kapittel 4.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa etter reglane i dette kapitlet.

Skoleeigar har ansvar for at retten til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10. Skoleeigar eller lærebedrifta skal syte for at alle som gjennomfører vurdering etter forskrifta, følgjer reglane i dette kapitlet.

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og bidra til lærelyst undervegs, og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget.

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal vere kjende med læreplanen i faget.

Føresetnader, fråvær, orden eller åtferd skal ikkje inn i vurderinga i fag. Innsats er berre ein del av grunnlaget for vurdering dersom det følgjer av læreplanen i faget.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal møte fram og delta aktivt i opplæringa. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at lærar og instruktør ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag.

Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å fremje sosial læring, bidra til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om orden og åtferd.

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er ordensreglementet til skolen, jf. opplæringslova § 9A-10. Elevane skal vere kjende med skolen sitt ordensreglement.

Orden heng saman med om eleven er punktleg, førebudd og følgjer opp arbeid.

Åtferd heng saman med om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Kompetanse i fag skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i orden eller i åtferd. Det skal tas omsyn til føresetnadene til eleven i vurderinga.

Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov.

Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.

Frå og med 8. årstrinn skal vurdering givast både med og utan talkarakter. Det er berre krav om å gi talkarakter ved halvårsvurdering med karakter og sluttvurderingar.

Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Departementet kan fastsetje i læreplanverket at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.

Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.

Frå og med 8. årstrinn skal vurdering givast både med og utan karakter.

God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga. Den kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 20-3 og § 20-4.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har òg rett til jamleg dialog med kontaktlærar eller instruktør om sosial utvikling og anna utvikling. Samtalen skal sjåast i samband med opplæringslova § 1-1 og overordna del i læreplanverket.

ikkje få karakter (IV) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i orden eller i åtferd.

Varselet skal givast straks det er klart at det er fare for nedsatt karakter eller bortfall av karakter, og skal gi eleven høve til å få karakter i fag eller ikkje få nedsett karakter i orden eller åtferd.

I vidaregåande skole skal ein elev ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter ved fråvær over fråværsgrensa i faget. Fråværsgrensa er på 10 prosent av årstimetalet i faget.

Fråvær som det er dokumentert at kjem av grunnane nemnde i § 3-47 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd, skal ikkje inngå i fråværsgrensa. Det same gjeld dersom fråværet skyldast følgjande delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften kapittel 11.

Rektor kan avgjere at ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, likevel skal få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde.

Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. § 3-3.

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa, er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei få vite kva dei meistrar få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 5-1. Lærekandidatar og elevar med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 5-5 første ledd.

reflekterer over eigen orden og eiga åtferd og korleis dei kan utvikle seg får vite korleis deira orden og åtferd er vurdert opp mot ordensreglementet får rettleiing om korleis dei eventuelt kan forbetre sin orden og si åtferd.

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.

Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for elevar. Instruktøren skal gjennomføre halvårsvurderinga for lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar.

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise korleis elevane sin orden og åtferd er vurdert opp mot ordensreglementet og gi rettleiing om korleis elevane eventuelt kan forbetre seg. Elevane skal få halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole.

Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle elevar, også elevar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve.

Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjonen, jf. § 3-35, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Når ein elev har ein bestått sluttvurdering i eit fag, skal denne følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan då ikkje bli elev i faget på nytt. Elevar som har fått innvilga omval eller har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16 eller om han eller ho vil ta faget på nytt som elev.

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i faget ved avslutninga av opplæringa.

Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter. Eleven skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetanse som eleven har vist i løpet av opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Faglæraren set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje at faglærar gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Rektor har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-8.

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for elevane sin orden eller åtferd etter opplæringa er avslutta. Det skal givast ein standpunktkarakter i orden og ein standpunktkarakter i åtferd på 10. trinn, og ved avslutninga av opplæringa i vidaregåande skole.

Rektor har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting med kontaktlærar og dei andre lærarane til eleven.

Elevar i grunnskolen som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får opplæring etter individuell opplæringsplan i faget, skal få fritak frå vurdering med karakter etter avgjerd frå foreldra. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel foreldra om eleven skal ha både skriftleg og munnleg karakter. Om foreldra vel karakter i norsk skriftleg, kan dei også velje om eleven skal få karakter i ei eller begge målformer.

Elevar i vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får individuell opplæringsplan i eit fag har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag enn i skriftleg sidemål. Foreldra eller eleven avgjer om dei vil ha fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.

Skoleeigar skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter etter måla i den individuelle opplæringsplanen der planen avvikar frå læreplanen i faget.

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår, skal få fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette opplæringsåret om foreldra ber om det.

Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12, og som får opplæringa i eit innføringstilbod, skal få fritak frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet dersom foreldra ber om det. Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje bli fritekne frå standpunktkarakter.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Skoleeigar skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

har problem med å lære begge målformene på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller ikkje har gått i norsk grunnskole på ungdomstrinnet, eller i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring, eller i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har gått i internasjonal eller utanlandsk skole i Norge som er godkjend for å ikkje gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er elev i faget. Skoleeigar skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget dersom fritak frå vurdering med karakter er innvilga.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skolen eller skoleeigaren som har ansvar for å skrive ut vitnemål, skal fatte enkeltvedtaket.

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan søkje rektor om fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får, ikkje kan vurderast med karakter.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal få undervegsvurdering utan karakter.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget.

I grunnskolen kan rektor sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3. Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen og på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.

Om ikkje anna er fastsett, gjeld føresegnene om eksamen òg for dei som etter læreplanverket skal ha eksamen som lærling, praksisbrevkandidat, kandidat for fagbrev på jobb eller praksiskandidat i faget.

For sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget.

For lokalt gitt eksamen har skoleeigar ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglærar skal utarbeide forslag til oppgåver.

Skoleeigar har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar, og for å trekkje elevar til eksamen. Skoleeigar har ansvar for gi elevar informasjon om eksamen og kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei har òg ansvaret for at privatistar får tilgang til slik informasjon.

Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart enkelt fag.

Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen til skolen.

Privatistar har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset. Privatisten kan ikkje vere elev, lærling eller praksisbrevkandidat i faget ved tidspunktet for oppmelding. Den som er teken inn som fulltidselev til vidaregåande opplæring, kan ikkje melde seg til eksamen utan at fylkeskommunen innvilgar at eleven kan bli deltidselev, jf. § 6-5 tredje ledd. Ein privatist kan berre melde seg til eksamen i det same faget éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast. Privatistar må betale ein prøveavgift etter fastsette satsar. Dei må ikkje betale for utsett og ny eksamen.

Eksamensforma og om eksamen skal dekkje eit eller fleire fag, er fastsett i læreplanane.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, praktisk, eller ein kombinasjon av desse. Utdanningsdirektoratet fastset tidsramma for dei ulike eksamensformene.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Elevar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

Om elevar skal trekkjast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen.

Trekket skal vere kjent for elevane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Elevar i grunnskolen som forserar opplæringa i eit fag, jf. § 1-15, skal vere med i trekket til eksamen det opplæringsåret faget blir avslutta. Dette kjem i tillegg til dei andre eksamenane dei skal ha i grunnskolen.

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa og skal førebu elevane og privatistane på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen eleven eller privatisten viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Det skal vere fastsett i læreplanen at alle munnlege eksamenar for elevar skal ha førebuingsdel. Førebuingstida skal vere 24 timar.

Det skal vere fastsett i læreplanen om andre eksamenar skal ha førebuingsdel. Førebuingstida kan vare frå 24 timar til 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, fastsett kor lang førebuingstida skal vere. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen, og kor lenge førebuingstida skal vare.

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentrale eksamenar skal begge sensorane vere eksterne. Ved usemje avgjer ein oppmann.

Ved lokale eksamenar skal minst ein sensor vere ekstern. Faglærar skal vere sensor om skoleeigar ønsker det. Ved usemje avgjer den eksterne sensoren. Ein av sensorane skal vere eksaminator om eksamen krev det.

Sensor skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Elevar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven og privatisten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at eleven eller privatisten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Rektor avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til rektor er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Rektor kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Privatistar må leggje fram ein sakkunnig uttale. Fylkeskommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen.

Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Eleven eller privatisten må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

Elevar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan eleven eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av rektor sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Eleven eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein elev i vidaregåande opplæring eller ein privatist får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-39 dersom omsynet til elevane tilseier det.

Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert. Tverrfagleg eksamen vil berre bli annullert om eleven ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven eller privatisten har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv for elevar. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. For privatistar blir spørsmålet avgjort av fylkeskommunen. Privatistar skal ha høve til å uttale seg munnleg for fylkeskommunen før enkeltvedtak om annullering av eksamen blir fatta. Eleven eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.

Privatistar, inkludert praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, som har vore oppe til eksamen eller fag- eller sveineprøve, har rett til å få dette dokumentert.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

Skoleeigar skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd.

Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag- og sveineprøva og kompetanseprøva skal førast inn i systemet skoleeigar bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at karakterane er gitte. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av rektor.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Fråvær skal dokumenterast kvart halvår.

Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og fråvær.

Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

Elevar i skole for spesialundervisning og elevar i fengselsundervisning skal få vitnemål frå ein naboskole eller skolen på heimstaden når eleven eller foreldra ber om det. Skoleeigaren i bustadkommunen til eleven skal opplyse om denne retten.

For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast karakter i faget på vitnemålet. Det skal då førast på vitnemålet at vurdering ikkje var mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast som standpunktkarakter.

Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom eleven eller foreldra ønskjer det.

Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskoleopplæringa.

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-17 til § 3-20, § 3-42 og § 23-1.

Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet. For privatistar som tidlegare har fått vitnemål som elev, skal skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet, også skrive ut det nye vitnemålet til privatisten. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut vitnemål til lærlingar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål. For privatistar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten sist fekk standpunktkarakter i eit fag, som skal skrive ut vitnemålet. Viss ein privatist ikkje tidlegare har fått ein standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, eller sist fekk standpunktkarakter i eit fag i ein skole godkjend etter friskolelova, skal den fylkeskommunen der vedkommande er busett, skrive ut vitnemålet.

Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanverket, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-30, utsett eksamen etter § 3-32 og ny eksamen etter § 3-33 eller § 3-34 på førstegongsvitnemålet.

Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.

Elevane kan få ført på førstegongsvitnemålet karakterar som er forbetra innan utløpet av normal tid. Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, og som er oppnådde innan utløpet av normal tid.

internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid som er utført i minst seks månader av opplæringsåret langvarig sjukdom.

Føresegna gjeld òg for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanverket over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

Fag- eller sveinebrev blir gitt som dokumentasjon for bestått fag- eller sveineprøve. Praksisbrev blir gitt som dokumentasjon for bestått praksisbrevprøve.

For å få fag- eller sveinebrev eller praksisbrev må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-17 til § 3-20, § 3-42 og § 23-1. Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb må ikkje ha fellesfag for å få skrive ut fag- eller sveinebrev.

Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut fag- og sveinebrev og praksisbrev. Når det blir teikna lærekontrakt, skal fylkeskommunen gjere bedrifta merksam på unntaka nemnde over.

Etter søknad kan fylkeskommunen gi samtykke til at elevar og lærlingar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to fellesfag, likevel får vitnemål og fag- eller sveinebrev. Tilsvarande gjeld praksisbrev for praksisbrevkandidatar som ikkje har bestått i eit fellesfag. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga.

Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.

Rektor avgjer søknadene frå elevar og lærlingar i fag som gir vitnemål med yrkeskompetanse. Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål eller fag- og sveinebrev ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.

For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for lærlingar, lærekandidatar og privatistar.

For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

I fag der det i læreplanverket er fastsett at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, skal eksamenskarakteren/eksamenskarakterane på høgaste nivå førast.

Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.

For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-14, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset. For privatistar skal berre eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i faget fell bort når privatisten får eksamenskarakteren ført på vitnemålet.

For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

helse- og velferdsgrunnar arbeid som tillitsvald politisk arbeid hjelpearbeid lovpålagt oppmøte representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av fag-, sveine-, praksisbrev- og kompetanseprøva, og for å gjere prøvekandidatane kjende med føresegnene som regulerer prøva.

Prøvane skal som hovudregel haldast før utløpet av læretida, men ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er over. Kandidatane må fullføre læretida for å få dokumentasjon. Læretida kan forlengjast ved avtale.

Prøva skal normalt gjennomførast i den bedrifta der lærlingen, praksisbrevkandidaten, kandidaten for fagbrev på jobb eller lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa, og tilpassast verksemda i bedrifta.

Prøvenemnda kan be praksiskandidaten om forslag til kvar eller korleis fag- eller sveineprøva kan gjennomførast.

Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at heile eller delar av prøva skal haldast på ein annan stad.

Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen, kandidaten for fagbrev på jobb eller eleven til fag- eller sveineprøva første gong. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten til kompetanseprøva eller praksisbrevprøva første gong. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten, kontrakten for fagbrev på jobb eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om ikkje fylkeskommunen har motteke melding til prøva to månader før kontraktstida er ute, skal dei ta kontakt med bedrifta/skolen.

Kandidatar for fagbrev på jobb skal, der det er fastsett i læreplanverket, ha bestått ein eksamen før lærebedrifta melder kandidaten til fag- eller sveineprøva.

Praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, må sjølve melde seg til fag- og sveineprøva til fylkeskommunen innan fristar fylkeskommunen fastset. Praksiskandidaten skal sjølv betale prøveavgifta. Praksiskandidatane skal før dei sender melding, ha bestått ein eksamen der dette er fastsett i læreplanverket.

Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast, skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått alle fag og eksamenar som er fastsette i fag- og timefordelinga for utdanningsprogrammet.

Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Praksisbrevkandidatar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i eitt fellesfag, kan likevel få framstille seg til praksisbrevprøva. Dersom det ikkje ligg føre vedtak etter § 3-42, må desse lærlingane, elevane og praksisbrevkandidatane bestå faga innan to år etter at prøva er halden for å få skrive ut fagbrev, sveinebrev eller praksisbrev.

Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og så langt det er mogleg, har oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Fylkeskommunen skal sikre at prøvenemnda har tilfredsstillande kompetanse til å vurdere prøva.

Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet. Fylkeskommunen kan om nødvendig hente inn forslag også frå andre.

Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta eller skolen der kandidaten har fått opplæring.

Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.

Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget etter læreplanen for opplæring i bedrift. Alle kompetansemåla i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Prøvenemnda skal syte for at kandidaten får vist om han eller ho har den kompetansen som skal til for å få fag- eller sveinebrev i faget.

Fag-/sveineprøva skal prøve kandidaten i å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eit eige fagleg arbeid.

Fag- eller sveineprøva skal vere tilpassa tidsramma som er fastsett for prøva i læreplanen, slik at det er mogleg for kandidaten å utføre eit arbeid av god kvalitet. Dei hjelpemidla kandidaten har brukt i læretida, kan òg nyttast under prøva.

Prøvenemnda og kandidaten skal ved behov ha ein oppsummerande samtale til slutt for å avklare spørsmål som har oppstått under prøva.

Prøvenemnda skal samstundes med oppgåva utarbeide eit grunnlag for vurderinga av kandidaten sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta skal gjerast klare for kandidaten.

Heile prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøvestart og prøveslutt. Ved prøvestart skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten. I prøveperioden skal prøvenemnda sjølv vurdere kandidaten sitt arbeid. Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført tilsyn under heile prøva, for å sikre at prøva blir halden i tråd med føresegnene.

Prøvenemnda skal føre protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik han er dokumentert gjennom fag- eller sveineprøva, og fastsetje karakter.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen for faget som kandidaten er prøvd i.

bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse i faget bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.

Fylkeskommunen fastset ved oppnemninga kven av medlemmene i prøvenemnda som skal avgjere karakteren, dersom det er usemje når stemmetalet er likt.

For kandidat for fagbrev på jobb, er det mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis og opplæring. Samla krav til praksistid og opplæring før fag- eller sveineprøva skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget. For dei fleste faga vil det seie fire år i heiltidsstilling. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast.

Før teikning av kontrakt, skal det stillast krav om minimum eitt års allsidig praksis i faget i heiltidsstilling. For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til 100 prosent stilling. Ein stillingsbrøk på 80 prosent godkjennast som heiltid.

Når ein teiknar kontrakt, skal det gjerast frådrag for det året med praksis som er kravd, og for eventuell realkompetanse, før ein inngår kontrakten. Det er likevel eit krav om ei minste kontraktstid på eitt år.

Fylkeskommunen har ansvaret for at praksisbrevprøver og kompetanseprøver blir utarbeidde og vurderte. Praksisbrevkandidatane skal prøvast i måla som er fastsette i den lokale læreplanen i faget. Lærekandidatane skal prøvast i dei opplæringsmåla som er fastsette for dei, jf. opplæringslova § 4-4. Innanfor dei rammene som måla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøva, jf. § 3-50 og § 3-51.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla som er fastsette for kandidaten eller i den lokale læreplanen.

Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 3-52, brukast.

Er fag- eller sveineprøva ikkje bestått, skal prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. For praksisbrevprøve og kompetanseprøve skal dei som står for vurdering av prøvene i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. Prøvearbeidet skal så langt råd er, takast vare på slik kandidaten leverte det frå seg. Dersom prøvearbeidet ikkje kan takast vare på, skal det sikrast med fotografi eller ei nøyaktig beskriving med tanke på framlegging i ei eventuell klagebehandling.

Dersom fag-, eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått ved første forsøk, kan lærlingen, eleven, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb innan seks månader etter prøva melde seg til ei ny prøve. Kontrakten kan forlengjast i avtale. Fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre prøva og skal dekkje utgifter lærebedrifta har med gjennomføringa.

Lærlingar som ikkje består fag- eller sveineprøva ved andre forsøk, vil bli praksiskandidatar. Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han eller ho melde seg til ny prøve. Denne kan tidlegast takast seks månader etter prøva som ikkje var bestått. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til ny prøve, og betale ny prøveavgift.

Ein lærling, elev, praksiskandidat, praksisbrevkandidat, lærekandidat eller kandidat for fagbrev på jobb som har dokumentert fråvær ved fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg.

Fråvær frå prøva blir rekna som dokumentert når lærlingen, eleven, lærekandidaten, praksiskandidaten, praksisbrevkandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Kandidaten må leggje fram dokumentasjon på dette.

Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett fag- eller sveineprøve.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, praksiskandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.

Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning.

Fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve kan annullerast dersom kandidaten har juksa eller forsøkt å jukse ved prøva.

Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven som kan annullere praksisbrevprøva og kompetanseprøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skal ha høve til å uttale seg munnleg for den/dei som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om annullering av prøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb har likevel rett til å fullføre prøva. Enkeltvedtak om annullering av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve kan klagast på til fylkesmannen.

Dersom fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til ny prøve tidlegast eit år etter den annullerte prøva.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Dersom åtferd til ein kandidat er i strid med denne føresegna, kan kandidaten etter å ha blitt åtvara, visast bort. Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen avgjer kven som kan vise bort kandidatar frå praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om bortvising.

Dersom ein kandidat får medhald i klage på bortvising, har han eller ho rett til ny fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve.

Kapittel 4 skal lyde:

Kapitlet gjeld vaksne deltakarar som får opplæring særskilt organisert for seg etter opplæringslova kapittel 4A. Kapitlet gjeld vaksne privatistar i grunnskolen så langt det er fastsett i føresegnene her.

Vaksne som er tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring i skole eller i bedrift etter opplæringslova kapittel 3 og kapittel 4, skal ha vurdering etter kapittel 3.

Deltakarar har rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa i tråd med dette kapitlet.

Skoleeigar har ansvar for at retten til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10. Skoleeigar skal syte for at alle som gjennomfører vurdering etter forskrifta, følgjer reglane i dette kapitlet.

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst undervegs, og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget.

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Deltakarar skal vere kjende med læreplanen i faget.

Føresetnader, fråvær, orden eller åtferd skal ikkje inn i vurderinga i fag. Innsats er berre ein del av grunnlaget for vurdering dersom det følger av læreplanen i faget.

Deltakarane skal møte fram og delta aktivt i opplæringa. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at lærar ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag.

Vurdering med karakterar skal givast med talkarakterar. Det er berre krav om å gi talkarakter ved halvårsvurdering med karakter og sluttvurderingar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

Karakteren 6 uttrykkjer at deltakaren har framifrå kompetanse i faget. Karakteren 5 uttrykkjer at deltakaren har mykje god kompetanse i faget. Karakteren 4 uttrykkjer at deltakaren har god kompetanse i faget. Karakteren 3 uttrykkjer at deltakaren har nokså god kompetanse i faget. Karakteren 2 uttrykkjer at deltakaren har låg kompetanse i faget. Karakteren 1 uttrykkjer at deltakaren har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Departementet kan fastsetje i læreplanverket at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.

Ved realkompetansevurdering brukast uttrykka godkjent eller ikkje godkjent i heile eller delar av faget.

ikkje få standpunktkarakter (IV) i eitt eller fleire fag ikkje få halvårsvurdering (IV) i eitt eller fleire fag.

Varselet skal givast utan ugrunna opphald og gi deltakaren høve til å få karakter i faget.

Ein realkompetansevurdering skal vise om realkompetansen er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom grunnopplæringa, utan å bruke tradisjonelle prøveordningar. Vurderinga skal gjerast opp mot kompetansemåla i læreplanane i fag, jf. § 4-3.

Skoleeigar har ansvaret for at vurderinga av realkompetanse blir utført på forsvarleg grunnlag og utan ugrunna opphald.

Bruk av realkompetansevurdering for å avklare kva slags opplæring den vaksne har behov for er regulert i opplæringslova § 4A-3 og forskrift til opplæringslova § 6-46 og § 6-47. Bruk av realkompetansevurdering som sluttvurdering er regulert i § 4-11.

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei få vite kva dei meistrar få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Deltakarar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga.

Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om deltakarar i grunnskolen har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-4. Deltakarar i grunnskolen med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-5 første ledd.

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen deltakaren har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Deltakarar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal deltakarar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen deltakaren har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. Dersom opplæringa på det enkelte trinnet varer mindre enn eit semester, skal det ikkje givast halvårsvurdering. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.

Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for deltakarar.

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til deltakaren ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle deltakarar, også deltakarar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen, jf. § 4-3.

Sluttvurderingar i grunnskoleopplæringa for vaksne er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjent etter realkompetansevurdering.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring for vaksne er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjent etter realkompetansevurdering.

Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjon, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Når ein deltakar har ein bestått sluttvurdering i eit fag skal denne følgje deltakaren fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan då ikkje bli deltakar i faget på nytt. Deltakarar som har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16 eller om han eller ho vil ta faget på nytt som deltakar.

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen deltakaren har i faget ved avslutninga av opplæringa.

Deltakaren skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter. Deltakaren skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetanse som deltakaren har vist i løpet av opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Faglæraren set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje at faglærar gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Rektor har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal deltakaren først vere varsla, jf. § 4-5.

Det er mogleg å nytte realkompetansevurdering som sluttvurdering i fag.

På Vg3 yrkesfaglege utdanningsprogram som skal avsluttast med fag- eller sveineprøve, kan ikkje realkompetansevurdering nyttast som sluttvurdering. Der kan realkompetansevurdering berre nyttast for å avklare kva slags opplæring den vaksne har behov for, jf. § 6-46 og § 6-47.

Deltakarar i grunnskolen som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får opplæring etter individuell opplæringsplan i faget, kan velje om han eller ho skal få fritak frå vurdering med karakter. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel han eller ho om dei skal ha både skriftleg og munnleg karakter. Den som vel karakter i norsk skriftleg, kan også velje om han eller ho skal få karakter i ei eller begge målformer.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får individuell opplæringsplan i eit fag, har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag enn i skriftleg sidemål. Deltakaren avgjer om han eller ho vil ha fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.

Skoleeigar skal syte for at deltakaren får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

Deltakarar som er fritekne, skal ha undervegsvurdering utan karakter etter måla i den individuelle opplæringsplanen der planen avvikar frå læreplanen i faget.

har problem med å lære begge målformene på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller ikkje har gått i norsk grunnskole på ungdomstrinnet, eller i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring.

Deltakarar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er deltakar i faget. Skoleeigar skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget om fritak frå vurdering med karakter er innvilga.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skoleeigaren som har ansvar for å skrive ut vitnemål skal fatte enkeltvedtaket.

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt deltakar eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 4-3. Eksamen skal gi deltakaren eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag i vidaregåande opplæring. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen for både deltakarar og privatistar, og kor mange eksamenar det skal vere på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle og etter søknad gi kommunen høve til å arrangere lokalt gitt eksamen for privatistar på andre tider av året enn ordinær eksamen.

For sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget.

For lokalt gitt eksamen har skoleeigar har ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglærar skal utarbeide forslag til oppgåver.

Skoleeigar har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar for deltakarar og privatistar, og for å trekkje deltakarar til eksamen. Skoleeigar har ansvar for gi deltakarar informasjon om eksamen og kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei har òg ansvar for at privatistar i grunnskolen får tilgang til slik informasjon.

Dei som er ansvarleg for å utarbeide eksamen avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart enkelt fag.

Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Skoleeigar melder til eksamen alle deltakarar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Deltakarar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen til skoleeigar.

Privatistar i grunnskolen har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som kommunen fastset. Privatisten kan ikkje vere deltakar i faget ved tidspunktet for oppmelding. Ein privatist kan berre melde seg til eksamen i det same faget éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast. Privatistar må betale ein prøveavgift etter fastsette satsar. Dei må ikkje betale for utsett og ny eksamen.

Eksamensforma er fastsett i læreplanane.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, praktisk, eller ein kombinasjon av desse. Utdanningsdirektoratet fastset tidsramma for dei ulike eksamensformene.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Deltakarar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

Om deltakarar i vidaregåande opplæring skal trekkast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen. Utdanningsdirektoratet fastset om deltakarar eller privatistar i grunnskolen skal trekkjast til eksamen.

Trekket skal vere kjent for deltakarane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa, og skal førebu delkaren eller privatisten på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen deltakaren eller privatisten viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Det skal vere fastsett i læreplanen at alle munnlege og munnleg-praktiske eksamenar for deltakarar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen skal vare i 24 timar.

Det skal vere fastsett i læreplanen om andre eksamenar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen kan vare i frå 24 timar inntil 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen fastsett kor lang førebuingsdelen skal vere. Kommunen avgjer om privatistar i grunnskolen skal ha førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen, og kor lenge denne skal vare.

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentralt gitte eksamenar skal begge sensorane vere eksterne. Ved usemje avgjer ein oppmann.

Ved lokalt gitte eksamenar skal minst ein sensor vere ekstern. Faglærar skal vere sensor om skoleeigar ønskjer det. Ved usemje avgjer den eksterne sensoren. Ein av sensorane skal vere eksaminator om eksamen krev det.

Sensorar skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Deltakarar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag. Tiltaka må vere tilpassa behova til deltakaren og privatisten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at deltakar eller privatist får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at deltakaren eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Skoleeigar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for deltakarer. Avgjerda til skoleeigar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Skoleeigar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Privatistar i grunnskolen må leggje fram ein sakkunnig uttale. Kommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til kommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen.

Ein deltakar som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

Ein deltakar som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Deltakaren beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom deltakaren ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

Ein deltakar som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Deltakaren beheld standpunktkarakteren i faget.

Deltakaren må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom deltakaren ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein deltakar har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

Deltakarar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan deltakaren eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av skoleeigar og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Deltakaren eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før skoleeigar eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein deltakar i vidaregåande opplæring får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 4-31 dersom omsynet til deltakarane tilseier det.

Dersom ein deltakar har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom deltakaren eller privatisten har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av skoleeigar. Deltakaren eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før skoleeigar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Deltakaren eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.

For deltakarar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Godkjend realkompetanse er likeverdig med bestått og skal dokumenterast. Deltakarar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.

Privatistar som har vore oppe til eksamen i grunnskolen, har rett til å få dette dokumentert.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

Skoleeigaren skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd.

Halvårsvurdering med karakter, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet som skoleeigar bruker. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at karakterane er gitte. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av skoleeigar.

matematikk munnleg naturfag samfunnsfag kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Deltakarar som har teiknspråk eller samisk som førstespråk, kan få standpunktkarakterar i dette faget ført på vitnemålet i tillegg til eller i staden for norsk.

Deltakarar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

Deltakarar i grunnskolen som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom deltakaren ønskjer det.

Kommunen har ansvaret for å skrive ut vitnemål for deltakarar og privatistar i grunnskolen.

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4A i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde, og godkjend realkompetanse. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der deltakaren berre har fått opplæring i delar av eit fag.

Dersom deltakaren ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast, men ønskjer å få dokumentert sin kompetanse i faget skal den siste halvårsvurderinga med karakter som deltakaren har fått, førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad om at karakteren er halvårsvurdering med karakter.

På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjent gjennom realkompetansevurderinga, førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjent i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå. Dersom den vaksne har fått godkjent berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

Kommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for deltakarar. Etter at kommunen har realkompetansevurdert ein vaksen, skal det skrivast ut kompetansebevis.

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp som gir studie- eller yrkeskompetanse. Deltakarar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål, må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 4-12, § 4-13, § 4-26 og § 23-1.

Vitnemål for deltakarar skal skrivast ut av fylkeskommunen der deltakaren fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skoleeigaren som skreiv ut det opphavlege vitnemålet.

Etter søknad kan skoleeigaren gi samtykke til at deltakarar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to av fellesfaga, likevel får vitnemål som gir yrkeskompetanse. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga.

Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.

Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.

Kompetansebevis blir skrivne ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Godkjend realkompetanse skal førast på kompetansebeviset.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde, og godkjend realkompetanse. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der deltakaren berre har fått opplæring i delar av eit fag.

I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som deltakaren får ved avslutning av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom deltakaren ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren er halvårsvurdering med karakter.

Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for deltakarar. Etter at fylkeskommunen har realkompetansevurdert ein vaksen, skal det skrivast ut kompetansebevis.

For deltakarar skal berre standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakterar skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast på vitnemålet. Dersom heile faget er godkjent gjennom realkompetansevurderinga, er dette likeverdig med bestått i faget.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- og yrkeskompetanse.

For deltakarar som har fått sluttvurdering i eit fag som elev eller deltakar meir enn éin gong, jf. § 4-9 andre ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjend gjennom realkompetansevurderinga førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjend i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå, dersom den vaksne har fått godkjend berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

I kapittel 20 Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring gjøres følgende endringer:

§ 20-3 tredje ledd skal lyde:

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.

§ 20-4 tredje ledd skal lyde:

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova gjøres følgende endringer:

Kapittel 3 skal lyde:

Kapitlet gjeld for elevar som får opplæring i verksemd godkjend etter friskolelova.

Elevar i skolar godkjend på grunnlag av anerkjend pedagogisk retning og elevar i internasjonale skolar som nyttar alternative vurderingsformer, har rett på vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering. Skolane må følgje reglane i dette kapitlet om ikkje anna følgjer av godkjenninga, jf. friskolelova § 2-3. Godkjenninga kan ikkje gi unntak frå føresegnene i § 3-3, § 3-4, § 3-7, § 3-9, § 3-10, 3-11, § 3-12 første ledd, 3-13 tredje ledd, § 3-35 til § 3-39, § 3-42 til § 3-45.

Elevar har rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa i tråd med dette kapitlet.

Skolen sitt styre har ansvar for at retten til vurdering blir oppfylt, jf. friskolelova § 5-2. Styret skal syte for at alle som gjennomfører vurdering etter forskrifta følger reglane i dette kapitlet.

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og bidra til lærelyst undervegs, og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget.

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget som skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevane skal vere kjend med læreplanen i faget.

Føresetnader, fråvær, orden eller åtferd skal ikkje gå inn i vurderinga i fag. Innsats er berre ein del av grunnlaget for vurdering om det følger av læreplanen i faget.

Elevar skal møte fram og delta aktivt i opplæringa. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at lærar ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag.

Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å fremje sosial læring, bidra til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om orden og åtferd.

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er ordensreglementet til skolen. Elevane skal vere kjende med skolen sitt ordensreglement.

Orden heng saman med om eleven er punktleg, førebudd og følgjer opp arbeid.

Åtferd heng saman med om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Kompetanse i fag skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i orden eller i åtferd. Det skal tas omsyn til føresetnadene til eleven i vurderinga.

Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov.

Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.

Frå og med 8. årstrinn skal vurdering både givast både med og utan talkarakter. Det er berre krav om å gi talkarakter ved halvårsvurdering med karakter og sluttvurderingar.

Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Det kan gå fram av læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.

Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.

Frå og med 8. årstrinn skal vurdering givast både med og utan karakter.

God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

Elevar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 4-2 og 4-3.

Elevar har òg rett til jamleg dialog med kontaktlærar om sosial utvikling og anna utvikling. Samtalen skal sjåast i samband med friskolelova § 1-1 og læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

ikkje få karakter (IV) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i orden eller i åtferd.

Varselet skal givast utan ugrunna opphald og gi eleven høve til å få karakter i faget.

I vidaregåande skole skal ein elev ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter ved fråvær over fråværsgrensa i faget. Fråværsgrensa er på 10 prosent av årstimetalet i faget.

Fråvær som det er dokumentert at kjem av grunnane nemnde i § 3-44 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd, skal ikkje inngå i fråværsgrensa. Det same gjeld dersom fråværet skyldast følgjande delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften kapittel 11.

Dagleg leier kan avgjere at ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, likevel skal få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde.

Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. § 3-3.

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei få vite kva dei meistrar få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-1 og § 5-4. Elevar med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-5 første ledd.

reflekterer over eigen orden og eiga åtferd og korleis dei kan utvikle seg får vite korleis deira orden og åtferd er vurdert opp mot ordensregelementet får rettleiing om korleis dei eventuelt kan forbetre sin orden og si åtferd.

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen eleven har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Elevar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.

Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for elevar.

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise korleis elevane sin orden og åtferd er vurdert opp mot ordensreglementet og gi rettleiing om korleis dei eventuelt kan forbetre seg.

Elevane skal få halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd gjennom heile opplæringsløpet. Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle elevar, også elevar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen godkjend etter friskolelova § 2-3, jf. § 3-3.

Sluttvurderingar er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjonen jf. § 3-35, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Når ein elev har ein sluttvurdering i eit fag skal denne følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan da ikkje bli elev i faget på nytt. Elevar som har fått innvilga omval eller har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 2A-11, kan velje om faget skal godkjennast etter § 5a-3, eller om han eller ho vil ta faget på nytt som elev.

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i faget ved avslutninga av opplæringa.

Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakteren. Eleven skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetanse eleven har vist i løpet av opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Faglæraren set standpunktkarakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan han eller ho krevje at faglærar gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Dagleg leiar har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om ikkje å gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-8.

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for elevane sin orden eller åtferd ved avslutninga av opplæringa. Det skal givast ein standpunktkarakter i orden og ein standpunktkarakter i åtferd på 10. trinn, og ved avslutninga av opplæringa i vidaregåande skole.

Dagleg leiar har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting med kontaktlærar og dei andre lærarane til eleven.

Elevar i grunnskolen som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får opplæring etter individuell opplæringsplan i faget, skal få fritak frå vurdering med karakter etter avgjerd frå foreldra. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel foreldra om eleven skal ha både skriftleg og munnleg karakter. Om foreldra vel karakter i norsk skriftleg, kan dei også velje om eleven skal få karakter i ein eller begge målformer.

Elevar i vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får individuell opplæringsplan i eit fag har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag enn i skriftleg sidemål. Foreldra eller eleven avgjer om dei vil ha fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.

Skolen sitt styre skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal ha undervegsvurdering utan karakter etter måla i den individuelle opplæringsplanen der planen avvikar frå læreplanen i faget.

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår skal få fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette opplæringsåret om foreldra ber om det.

Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, og som får opplæringa i eit innføringstilbod, skal få fritak frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet dersom foreldra ber om det. Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje bli fritekne frå standpunktkarakter.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Skolen sitt styre skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

har problem med å lære begge målformene på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller ikkje har gått i norsk grunnskole noko av ungdomstrinnet, eller i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring, eller i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har gått ved internasjonal eller utanlandsk skole i Norge som er godkjend for å ikkje gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal få undervegsvurdering utan karakter.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er elev i faget. Skolen sitt styre skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakterar i faget dersom fritak frå vurdering med karakter er innvilga.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skolen som har ansvar for å skrive ut vitnemål, skal fatte enkeltvedtaket.

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan søkje dagleg leiar om fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får, ikkje kan vurderast med karakter.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal få undervegsvurdering utan karakter.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget.

I grunnskolen kan dagleg leiar sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Eksamen skal gi eleven høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen og på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.

For sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget.

For lokalt gitt eksamen har vertsfylket eller vertskommunen ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglærar skal utarbeide forslag til oppgåver.

Vertsfylket eller vertskommunen har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar, og for å trekkje elevar til eksamen. Skolen har ansvar for gi elevar informasjon om eksamen og kva det blir lagt vekt på i vurderinga.

Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart enkelt fag.

Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen til skolen.

Skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan ikkje arrangere eksamen for privatistar.

Eksamensforma og om eksamen skal dekke eit eller fleire fag er fastsett i læreplanane.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, praktisk, eller ein kombinasjon av desse. Utdanningsdirektoratet fastset tidsramma for dei ulike eksamensformene.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Elevar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

Om elevar skal trekkast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen.

Trekket skal vere kjent for elevane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Elevar i grunnskolen som forserer opplæringa i eit fag, jf. friskolelova § 2A-10, skal vere med i trekket til eksamen det opplæringsåret faget blir avslutta. Dette kjem i tillegg til dei andre eksamenane dei skal ha i grunnskolen.

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa, og skal førebu elevane på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen eleven viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Det skal vere fastsett i læreplanen at alle munnlege og munnleg-praktiske eksamenar for elevar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen skal vare i 24 timar.

Det skal vere fastsett i læreplanen om andre eksamenar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen kan vare i frå 24 timar inntil 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen fastsett kor lang førebuingsdelen skal vere.

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentralt gitte eksamenar skal begge sensorane vere eksterne. Ved usemje avgjer ein oppmann.

Ved lokalt gitte eksamenar skal minst ein sensor vere ekstern. Faglærar skal vere sensor om skoleeigar ønsker det. Ved usemje avgjer den eksterne sensoren. Ein av sensorane skal vere eksaminator om eksamen krev det.

Sensorar skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag, jf. friskolelova § 2-3. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Dagleg leiar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til dagleg leiar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Dagleg leiar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist etter forskrift til opplæringslova, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

Ein elev som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Eleven må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist etter forskrift til opplæringslova, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

Elevar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev er i strid med denne føresegna, kan eleven, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av dagleg leiar sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før dagleg leiar eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein elev i vidaregåande opplæring får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Elevar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-39 dersom omsynet til elevane tilseier det.

Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert. Tverrfagleg eksamen vil berre bli annullert om eleven ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av dagleg leiar sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før dagleg leiar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist etter forskrift til opplæringslova, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

Alle som har fullført grunnopplæringa etter friskolelova, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast. Elevar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

Kvar skole skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær, jf. friskolelova § 5-2.

Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet skolen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av dagleg leiar.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Fråvær skal dokumenterast kvart halvår.

Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa etter friskolelova. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær.

Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast karakter i faget på vitnemålet. Det skal då førast på vitnemålet at vurdering ikkje var mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast som standpunktkarakter.

Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom eleven eller foreldra ønskjer det.

Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskoleopplæringa.

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 3-15 til § 3-18, § 3-35 og § 3-40.

Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Skolen er også ansvarleg for å skrive ut vitnemål til elevar som fullfører opplæringa, men først seinare består alle fag.

Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-30, utsett eksamen etter § 3-32 og ny eksamen etter § 3-33 eller § 3-34 på førstegongsvitnemålet.

Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.

internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid, folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid som er utført i minst seks månader av opplæringsåret, eller langvarig sjukdom.

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

Etter søknad kan dagleg leiar gi samtykke til at elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to fellesfag, likevel får vitnemål som gir yrkeskompetanse Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga.

Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.

Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.

For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar.

For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen. Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.

For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-14, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Dagleg leiar kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

helse- og velferdsgrunnar arbeid som tillitsvald politisk arbeid hjelpearbeid lovpålagt oppmøte representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

Departementet kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå reglane om dokumentasjon i § 3-37 til § 3-44.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2010 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.

I kapittel 4 Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring gjøres følgende endring:

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.

§ 4-3 tredje ledd skal lyde:

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.

III

Endringene trer i kraft 1. august 2020.