Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova
I kraft fra: 2020-08-01
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:
Nytt kapittel 1B skal lyde:
foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.
For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.
Betaling for kost kan komme i tillegg.
Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.
Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.
Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.
Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.
Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.
Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.–7. årstrinn, jf. opplæringslova § 13-7 første ledd. Tilbodet på 5.–7. årstrinn skal vere gratis. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.
II
Endringa blir sette i verk 1. august 2020.