Forskrift om endring i forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2020-07-02
I
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir det gjort følgjande endringar:
Ny § 2A-1 skal lyde:
overordna del i LK20/LK20S eller annan tilsvarande plan. læreplanar for fag. Læreplanane for det einskilde faget må innehalde ei omtale av desse delane: Om faget, inklusiv omtale av Fagrelevans og sentrale verdiar Kjerneelement Tverrfaglege tema Grunnleggjande ferdigheiter. Kompetansemål og vurdering Vurderingsordning fag- og timefordeling. ei omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal nytte.
Grunnskolar kan omdisponere inntil 5 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget for heile klassar/grupper eller årstrinn. Styret fastset fag- og timefordeling for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timer mellom fag kjem fram.
Læreplanen for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlege vidaregåande skolen.
Ny § 2A-2 skal lyde:
Skolar som er godkjend på grunnlag av livssyn, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a), må synleggjere verdigrunnlaget sitt i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag. I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i forhold til grunnlaget til skolen.
Ny § 2A-3 skal lyde:
Skolar som er godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav b), må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen.
I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i høve til grunnlaget til skolen. I høve til kompetansemåla i LK20/LK20S kan det godkjennast å flytte kompetansemål frå eit trinn til eit anna dersom dette er vesentleg for at skolen skal kunne ivareta sin pedagogiske egenart.
Ny § 2A-4 skal lyde:
Ved internasjonale skolar, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav c), skal opplæringa vere i samsvar med ein relevant internasjonal læreplan.
Ny § 2A-4a skal lyde:
Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med spesiell fagleg merksemd retta mot et emne, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav i), må synleggjere profilen i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag.
Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med annan pedagogikk, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav i), må synliggjere skolens særskilte pedagogikk i læreplanen.
I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig for grunnlaget til skolen.
Ny § 2A-4b skal lyde:
Ved norske skolar i utlandet, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav e), og andre skolar som ikkje er særskilt nemnt i kapittel 2A i denne forskrifta, skal opplæringa vere i samsvar med LK20/LK20S.
For toppidrettsgymnas skal opplæringa være i samsvar med krava som går fram av friskolelova § 2-1 tredje ledd.
Ny § 2A-13 skal lyde:
Forskrift til opplæringslova § 24-1 om innføringstakt for LK20/LK20S gjeld òg for friskolar.
II
Forskrifta tek til å gjelde straks.