Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2020-07-02-1495·Kunngjort 3. juli 2020·Journalnr. 2020-1114

I kraft fra: 2020-07-02

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 2-3lov/1998-07-17-61 § 3-4

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova gjerast følgjande endring:

Kapittel 24 skal lyde:

1.–9. årstrinn og vidaregåande trinn 1 frå og med 1. august 2020 10. årstrinn og vidaregåande trinn 2 frå og med 1. august 2021 vidaregåande trinn 3 frå og med 1. august 2022.

I same takt som nytt læreplanverk blir tatt i bruk, vil heile eller delar av LK06/LK06S opphevast.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje unntak frå innføringstakta i fag og programområde. Om ikkje anna er fastsett, gjeld reglane også for opplæring spesielt organisert for vaksne.

våren 2021 for fag som skal bli avslutta på vidaregåande trinn 1 våren 2022 for fag som skal bli avslutta i grunnskolen og på vidaregåande trinn 2 våren 2023 for fag som skal bli avslutta på vidaregåande trinn 3.

hausten 2022 for vidaregåande trinn 1 hausten 2023 for vidaregåande trinn 2 hausten 2024 for vidaregåande trinn 3.

Om opplæringa er gjennomført, kan lokalt gitt eksamen haldast hausten same året som LK20/LK20S er tatt i bruk i faget.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje unntak frå når første eksamen etter LK20/LK20S skal vere, og når siste eksamen etter LK06/LK06S skal vere.

Første fag- eller sveineprøve etter LK20/LK20S vil vere våren 2024. Fag- eller sveineprøve etter LK06/LK06S må vere avlagd innan 31. desember 2025.

For praksiskandidatar haldast fag- eller sveineprøve etter LK20/LK20S frå våren 2023.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje unntak frå første og andre ledd.

Eit vitnemål eller kompetansebevis etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet kan innehalde fag både frå LK06/LK06S og LK20/LK20S. Utdanningsdirektoratet fastset kva for fag i LK20/LK20S som erstattar fag i LK06/LK06S, og korleis det skal førast på kompetansebevis eller vitnemål.

Utdanningsdirektoratet fastset nærmare reglar om overgangen frå tidlegare læreplanverk.

II

Forskrifta tek til å gjelde straks.