Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet
Forskrift om endring i forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
LTI/forskrift/2020-12-02-2580·Kunngjort 3. desember 2020·Journalnr. 2020-1689
I kraft fra: 2020-12-02
I
I forskrift 10. juni 2020 nr. 1220 om endring i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. skal denne endringa gjerast:
§ 6 tredje ledd skal lyde:
Tilskotet kan gjevast for inntil 20 dagar per år for kvar av foreldra. For einslege foreldre kan tilskot gjevast for inntil 40 dagar per år. Dersom vilkåra i andre ledd er oppfylt, kan det gjevast tilskot for inntil 30 dagar per år for kvar av foreldra eller inntil 60 dagar per år for einslege foreldre.
II
Endringa trer i kraft straks.