Hopp til innhold
Forskriftsendring
Helse- og omsorgsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta

LTI/forskrift/2020-12-22-3093·Kunngjort 30. desember 2020·Journalnr. 2020-2099

I kraft fra: 2021-01-01

I

I forskrift 20. desember 2016 nr. 1848 om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta blir gjort følgjande endringar:

§ 4 andre ledd skal lyde:

Som betaling for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av legar, psykologar, tannlegar, sjukepleiarar, jordmødrer, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar, audiografar, ortoptistar optikarar, stråleterapeutar, sosionomar, vernepleiarar, pedagogar, barnevernspedagogar, logopedar og kliniske farmasøytar kan pasienten krevjast for 375 kroner. Pasienten kan også krevjast for 375 kroner når personell på poliklinikk kartlegg genetiske eigenskapar og gjev genetisk rettleiing etter krava i bioteknologiloven. Ved psykiatrisk poliklinikk og ruspoliklinikk omfattar dette også poliklinisk helsehjelp ytt av personell med anna relevant høgskule- og universitetsutdanning.

§ 4 tredje ledd skal lyde:

Ein kan kreve 267 kroner i betaling frå pasienten for radiologisk undersøking, ultralydundersøking ved spesialavdeling, samt ved nukleærmedisinsk billedundersøking.

§ 8 første ledd skal lyde:

Ved behandling i poliklinikk innan somatikk kan pasienten verta kravd for 75 kroner som betaling for bandasjemateriell og/eller bedøvingsmiddel, men berre i lag med godkjent eigendel etter § 4 andre ledd. Betalinga kan berre verta kravd ein gong pr. konsultasjon.

II

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2021.