Forskriftsendring
Barne- og familiedepartementet
Forskrift om rekneskapsføring av pensjonsutgifter for Den norske kyrkja (rettssubjektet Den norske kyrkja)
LTI/forskrift/2021-01-19-193·Kunngjort 25. januar 2021·Journalnr. 2021-0092
I kraft fra: 2021-02-01
Endrerforskrift/2016-10-04-1167
HjemmelTrossamfunnsloven § 14
§ 1 .
Den norske kyrkja skal ikkje balanseføre pensjonsplikter som er forsikra. Pensjonspremien skal reknast som pensjonskostnad.
§ 2 .
Pensjonspliktene skal gå fram av note til rekneskapen. Noten skal gje all relevant informasjon om grunnlaget og føresetnadene for pensjonspliktene og for endringar i desse, og basere seg på dei spesifikasjonskrava som følgjer av Norsk Rekneskapsstandard 6 om pensjonskostnader. Departementet kan stille nærare krav til rekneskapsinformasjonen.
§ 3 .
Forskrifta gjeld frå 1. februar 2021. Frå same tid blir forskrift 4. oktober 2016 nr. 1167 om rekneskapsføring av pensjonsutgifter for Den norske kyrkja (rettssubjektet Den norske kyrkja) oppheva.