Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning

LTI/forskrift/2021-01-22-211·Kunngjort 26. januar 2021·Journalnr. 2021-0105

I kraft fra: 2021-01-31

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 4-9

I

I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning skal det gjerast følgjande endringar:

§ 1-1 sjette ledd skal lyde:

(6) Forskrifta gjeld òg, med visse unntak, jf. forskrifta § 8-1, for klagar over enkeltvedtak i den nasjonale opptaksmodellen for grunnutdanningar ved universitet og høgskular som blir organisert av tenesta Samordna opptak.

§ 2-4 skal lyde:

(1) Søkjarar som har fullført 2-årig fagskuleutdanning (120 fagskulepoeng/studiepoeng frå fagskule) som er godkjend etter lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning eller lov 8. juni 2018 nr. 28, får generell studiekompetanse.

(2) Dersom fagskuleutdanninga ikkje har hatt norsk eller anna nordisk språk som undervisningsspråk, må kravet om norsk oppfyllast, jf. § 2-2. Søkjarar frå land utanom Norden må også dokumentere engelskkunnskapar jf. § 2-2 (6).

§ 3-10 skal lyde:

Matteknologiutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskuleutdanning eller 1-årig tilpassingskurs, eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999.

Ny § 3-12 skal lyde:

Nautikkutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 eller 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskuleutdanning eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999.

§ 4-5 fjerde ledd skal lyde:

(4) Bachelorstudium i samfunnsøkonomi og i politisk økonomi ved Universitetet i Bergen har som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2019–2020, 2020–2021 og 2021–2022 krav om at søkjarar må dokumentere at søkjaren har minst karakteren 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

§ 4-7 andre, tredje og fjerde ledd skal lyde:

(2) Grunnskulelærarutdanning og 5-årig lektorutdanning med realfag, miljø- og naturfag har krav om at søkjarar må dokumentere minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og i tillegg kravet som er fastsett for realfag, miljø- og naturfag i § 4-3 andre eller fjerde ledd.

(3) Grunnskulelærarutdanning med musikk har krav om at søkjarar må dokumentere minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). I tillegg må søkjaren dokumentere kunnskapar og ferdigheiter i musikk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

(4) Grunnskulelærar- og barnehagelærarutdanning med sørsamisk eller lulesamisk har krav om at søkjarar må dokumentere kunnskapar i sørsamisk eller lulesamisk språk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen. For grunnskulelærarutdanning gjeld i tillegg at søkjarar må dokumentere minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar).

II

Endringsforskrifta skal tre i kraft 31. januar 2021.