Forskrift om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området mv.
I kraft fra: 2021-03-01
§ 1 . Gjennomføringsavgjerd til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene
EØS-avtalen vedlegg V nr. 9a (Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1255 av 11. juli 2017 om ein mal som gjer greie for dei nasjonale systema og framgangsmåtane for godkjenning av organisasjonar som EURES-medlemmer og -partnarar). EØS-avtalen vedlegg V nr. 9b (Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1256 av 11. juli 2017 om malar og framgangsmåtar for utveksling av opplysningar på unionsplan om dei nasjonale arbeidsprogramma til EURES-nettverket). EØS-avtalen vedlegg V nr. 9c (Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1257 av 11. juli 2017 om dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å innføre eit einsarta system som gjer det mogleg å kople ledige stillingar saman med jobbsøknader og CV-ar på EURES-portalen). EØS-avtalen vedlegg V nr. 9d (Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/170 av 2. februar 2018 om einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse med sikte på overvaking og vurdering av verkemåten til EURES-nettverket). EØS-avtalen vedlegg V nr. 9e (Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1020 av 18. juli 2018 om vedtaking og ajourføring av lista over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa til bruk ved automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma for EURES). EØS-avtalen vedlegg V nr. 9f (Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1021 av 18. juli 2018 om vedtaking av dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å gjennomføre automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma, ved bruk av den europeiske klassifiseringa og samverknaden mellom nasjonale system og den europeiske klassifiseringa).
II
§ 2 .
Forskrifta gjeld frå 1. mars 2021.