Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
I kraft fra: 2021-04-09
I
I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning er det gjort følgjande endringar:
§ 4-5 nytt femte ledd skal lyde:
Integrerte masterstudium i økonomi og ledelse ved Handelshøyskolen BI har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2).
§ 4-7 femte ledd skal lyde:
(5) Faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag og Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 (5-årig) har krav om at søkjarar må dokumentere minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i matematikk (224 timar). Søkjarar til faglærarutdanning i musikk, dans og drama må i tillegg dokumentere kunnskapar og ferdigheiter i musikk, dans eller drama etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.
§ 4-8 nytt femte ledd skal lyde:
Engelskspråkleg bachelorstudium ved Handelshøyskolen BI har krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.
II
Endringsforskrifta trer i kraft straks.