Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet

LTI/forskrift/2021-04-22-2436·Kunngjort 21. juli 2021·Journalnr. 2021-1341

I kraft fra: 2021-04-22

Endrerforskrift/2019-01-31-446
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7forskrift/2005-12-01-1392 § 2Forskrift om opptak til høgare utdanning § 1-1Fagskoleloven § 16Fagskoleforskriften § 18

I

I forskrift 31. januar 2019 nr. 446 om opptak til Høgskulen på Vestlandet skal følgande endringar gjerast:

§ 1-1 skal lyde:

(1) Forskrifta gjeld opptak til alle utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet til og med mastergradsnivå. Opptak til doktorgradsprogram er regulert i forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet.

(2) Det kan gjelde eigne reglar for fellesgradar som vert tilbydde i samarbeid med ein eller fleire lærestader. Dette skal gå fram av avtalen med dei samarbeidande institusjonar.

(3) Lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta), forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad (mastergradsforskriften), lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) og forskrifter om rammeplanar og andre nasjonale avgjerder er overordna denne forskrifta og gjeld føre forskrifta ved eventuell motstrid.

§ 1-2 skal lyde:

(1) Opptak inneber at ein person har søkt, fått vurdert kompetansen sin og fått studierett til eit studieprogram eller emne tilknytt Høgskulen på Vestlandet.

(2) Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket.

(3) Opptakskrav er dei krava som vert stilt til søkjaren for å bli vurdert som kvalifisert for opptak. Opptakskrav skal gå fram av studieplan eller emneplan for alle studium og emne som har eige opptak.

(4) Grunnutdanning og integrert mastergradsutdanning er studieprogram der opptak normalt ikkje byggjer på anna grunnlag enn fullført utdanning frå vidaregåande skule, eller godkjent realkompetanse.

(5) Mastergradsutdanning er studieprogram som byggjer på utdanning på bachelorgradsnivå og som fører fram til ein mastergrad.

(6) Vidareutdanning er studiepoenggjevande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå som til vanleg bygger på fullført grunnutdanning.

(7) Etterutdanning er ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå, som ikkje gir studiepoeng.

(8) Praktisk-pedagogisk utdanning er pedagogisk tilleggskompetanse til høgare utdanning eller yrkesfagleg utdanning.

(9) Enkeltemne er emne som er opne for søkjarar som ikkje har studierett på studieprogrammet som emnet høyrer til, eller emne som vert tilbydde som frittståande studium.

(10) Overflyttingsopptak er opptak der søkjaren har teke delar av utdanninga ved andre utdanningsinstitusjonar, andre campus eller andre studieprogram ved Høgskulen på Vestlandet, og startar på 2. året eller seinare i eit utdanningsløp.

(11) Oppdragsfinansierte studium vert gjennomførte mot vederlag, betalte av ein eller fleire oppdragsgjevarar, og er ikkje retta mot enkeltstudentar, men mot oppdragsgjevaren si målgruppe.

(12) Betalingsstudium er kurs, emne og studieprogram der høgskulen krev eigenbetaling frå studentar, jf. forskrift om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-2.

§ 2-1 skal lyde:

(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Høgskulen på Vestlandet er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning.

(2) Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. § 2-2 andre ledd for å kvalifisere for opptak til studium som gjev studiepoeng.

(3) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til engelskspråklege studieprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 femte ledd.

Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar) med karakteren 4 eller betre. International English Language Testing Service (IELTS) med minst 6.0 poeng. Test of English as a Foreign Language (TOEFL) med minst 550 poeng for Paper-based test (PBT), minst 213 poeng for Computer-based test (CBT), eller minst 80 poeng for Internet-based test (IBT). Annan dokumentasjon kan godkjennast etter individuell vurdering. Unntak frå kravet for enkeltstudium eller emne kan fastsetjast av styret i studieplan eller emneplan.

(5) Styret kan i studieplan eller emneplan fastsetje spesielle opptakskrav til studium som ikkje vert omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-6 sjuande ledd og § 3-7.

§ 2-2 skal lyde:

Opptakskrav til årsstudium, bachelor- og integrert masterutdanning er generell studiekompetanse eller realkompetanse, eventuelt i kombinasjon med spesifikke fag- eller karakterkrav, slik dei er fastsette i studieplanen eller forskrift om opptak til høgare utdanning.

§ 2-5 skal lyde:

(1) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.

(2) Det er berre mogleg å få opptak til éin didaktisk fagprofil.

profesjonsretta bachelorgrad og minimum to års relevant yrkespraksis, eller fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, minst to års yrkesteoretisk utdanning og fire års relevant yrkespraksis.

mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova kapittel 14. I tillegg må søkjaren ha fordjuping på minst 60 studiepoeng i eit av undervisningsfaga Høgskulen på Vestlandet har som didaktisk profil, eller bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget, eller bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning), med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Det er krav om minst gjennomsnittskarakter C, med vekta gjennomsnitt på 3,0 tilsvarande 30 karakterpoeng eller betre frå bachelorgraden, eller bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Dei andre faga må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det er krav om minst gjennomsnittskarakter C, med vekta gjennomsnitt på 3,0 tilsvarande 30 karakterpoeng eller betre frå bachelorgraden.

§ 2-6 skal lyde:

(1) For opptak til forkurs og realfagskurs gjeld nasjonal plan for eittårig forkurs for treårig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårleg realfagskurs, fastsett av Universitets- og høgskolerådet i nasjonale retningslinjer for ingeniørutdanning.

(2) Søkjarar til forkurs, som har generell studiekompetanse som opptaksgrunnlag, kan få tilbod om plass på forkurset dersom det er ledige plassar.

§ 2-10 skal lyde:

(1) Før ein søkjar får vurdert om han eller ho tilfredsstiller opptaksgrunnlaget, må fakultetet bestemme om det skal opnast for søknader om overflytting på den aktuelle utdanninga, jf. § 8-6 fjerde ledd.

Søkjaren oppfyller dei faglege vilkåra for opptak til studieprogrammet. Søkjaren har tilsvarande fagleg progresjon som det kullet det vert søkt om opptak til. Søkjaren må normalt ha meir enn eitt semester att for å fullføre utdanninga som skal gjennomførast på utdanningsprogrammet studenten søkjer om overflytting til, sjå tilknytingskravet i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 14-1 første ledd. Søkjaren må på søknadstidspunktet ha aktiv studierett eller gyldig permisjon ved Høgskulen på Vestlandet eller annan lærestad som er omfatta av universitets- og høyskoleloven. Fakulteta kan opne for søkjarar utan studierett som fyller dei andre kriteria for overflyttingsopptak.

§ 3-1 skal lyde:

(1) Høgskulen kan gi søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, og som manglar generell studiekompetanse, opptak på grunnlag av realkompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-6 andre ledd og forskrift om opptak til høgare utdanning § 3-1.

(2) For å få tilbod om studieplass må søkjaren dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som søkjarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar, jf. kapittel 4 i denne forskrifta.

§ 3-2 skal lyde:

Søkjaren har ikkje generell studiekompetanse. Spesielle opptakskrav på studieprogrammet må vere oppfylt. Søkjaren må ha minst fem års fulltids arbeidserfaring, der minst tre er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Deltid vert rekna om til heiltid. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande. Alle søkjarar må ha naudsynte kunnskapar i norsk (eller anna nordisk språk) og engelsk for å kunne gjennomføre studiet. Kunnskapar i faga norsk, matematikk og engelsk vert særskilt vektlagt. Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere at dei fyller krav til norsk tilsvarande kravet til generell studiekompetanse, med grunnlag i krav i forskrift om opptak til høgare utdanning. Unntak kan gjerast dersom utdanninga i sin heilheit vert gjennomført på engelsk eller for søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Noreg eller anna nordisk land. Søkjaren må gjere greie for eigen motivasjon og forventing til studiet, samt ein eigenvurdering av kvifor søkjar meiner å kunne gjennomføre studiet.

(2) Søkjarar kan ikkje bli vurdert for realkompetanse dersom studiet har krav om eit bestemt minimumstal på skulepoeng, slik som til dømes grunnskulelærar- og faglærarutdanningane.

§ 3-3 skal lyde:

Generell studiekompetanse, eller Eitt år yrkesteoretisk utdanning. I særskilde høve kan det gjerast realkompetansevurdering av to år yrkesteoretisk utdanning. Dette kan gjelde for yrkesfaglege profilar der det ikkje finst tilbod om relevant yrkesteoretisk utdanning.

§ 3-4 skal lyde:

Realkompetansevurdering ved opptak til studium som krev høgare utdanning er berre mogleg der studieplanen eller emneplanen opnar for dette med spesifikke faglege krav.

§ 4-1 skal lyde:

(1) Ved opptak til grunnutdanningar vert søkjarar poengutrekna og rangerte etter føresegner gitt i kapittel 7 i forskrift om opptak til høgare utdanning, unntak frå dette i lokale opptak skal ha heimel i studieplanen.

(2) Realkompetansesøkjarar vert rangerte i forhold til andre søkjarar på grunnlag av ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering. Omfanget og relevansen av praksis, utdanning og motivasjon vert vektlagd.

§ 4-3 skal lyde:

Karakterpoeng: Det vert rekna ut eit vekta karaktergjennomsnitt av opptaksgrunnlaget. Styret kan fastsetje i studieplanen eller emneplanen at berre delar av opptaksgrunnlaget skal inngå i karakterpoengsummen. Utdanningspoeng: Det kan bli gitt utdanningspoeng for greidd høgare utdanning ut over minstekravet for opptak etter kapittel 2 i denne forskrifta. Normalt 1 poeng per 30 studiepoeng og maksimalt 4 poeng med mindre anna er fastsett i studieplan eller emneplan. Praksispoeng: Det kan bli gitt poeng for relevant arbeidserfaring dersom det er fastsett i studieplanen eller emneplan. Normalt 2 poeng per 12 månadar heiltid med relevant praksis utover opptaksgrunnlaget, og maksimalt 6 poeng med mindre anna er fastsett i studieplan eller emneplan. Deltid vert rekna om til heiltid. Praksis som søkjaren har skaffa seg før kvalifiserande utdanning er fullført, og praksis som inngår i kvalifiseringsgrunnlaget, vert ikkje medrekna i grunnlaget for praksispoeng. Andre tilleggspoeng: Med utgangspunkt i særlege omsyn som er knytte til enkelte studium, kan styret fastsetje andre poengtypar i studieplanen eller emneplanen.

(2) For søkjarar med bokstavkarakterar eller talkarakterar vert følgjande omrekningsskala nytta som grunnlag for utrekning av gjennomsnittskarakter som fører fram til ein talverdi: Bokstavkarakter Talkarakter Gamle bokstavkarakterar Gir følgjande talverdi A 1,0-2,2 Særs godt (sg) 5 B 2,3–2,5 Mykje godt (mg) 4 C 2,6–2,7 Godt (g) 3 D 2,8–3,0 Noko godt (ng) 2 E 3,1–4,0 Lite godt (lg) 1

(3) Det er berre fag med tal eller bokstavkarakterar som tel med i utrekninga av karaktersnitt. Der det ikkje er vekting på karakterutskrifter og vitnemål skal det reknast snitt av alle gjeldande karakterar.

(4) På vitnemål utan tal-/bokstavkarakter reknast karakteren «bestått/greidd» som C=3.

(5) I særskilde tilfelle kan anna utdanning enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Søknaden vert då rangert etter § 4-13 i denne forskrifta.

(6) Utvekslingsopphald på 30 studiepoeng eller meir vert tatt med i rangeringsgrunnlaget der det er utarbeida omrekningstabellar av NOKUT eller ved Høgskulen på Vestlandet. Omrekningstabellar frå Høgskulen vert utarbeida av opptakskontoret og fastsett av utdanningsutvalet.

§ 4-6 skal lyde:

Ved opptak til realfagskurs og tresemesterordninga vert søkjarar poengutrekna og rangerte berre i ordinær kvote etter føresegner gitt i kapittel 7 i forskrift om opptak til høgare utdanning.

§ 4-8 skal lyde:

Søkjarar vert rangert på grunnlag av opptaksgrunnlaget i kapittel 2. Poengtype Forklaring Karakterpoeng Karaktersnitt frå yrkesfagleg vidaregåande utdanning 2 x 10 + Poeng for relevant arbeidspraksis utover opptakskravet 1 poeng pr. 12 månader, maksimalt 5 poeng + Poeng for kjønn der det er gitt i studieplanen 2 poeng = Konkurransepoengsum

2 Fellesfaga vert berre telt på høgaste nivå, som til dømes at karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving berre tel frå vg2.

§ 4-13 skal lyde:

(1) Kvalifiserte søkjarar som ikkje kan poengutreknast etter § 4-1 til § 4-12 i denne forskrifta, skal rangerast etter ei individuell skjønnsmessig vurdering av søkjaren sitt opptaksgrunnlag, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-12.

(2) For å få tilbod om opptak vert det kravd likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter rangering på grunnlag av poengutrekning.

§ 5-1 skal lyde:

(1) Det kan gjerast unntak frå delar av rangeringsføresegnene i kapittel 4, dersom det ligg føre grunnlag for særskilt vurdering. Grunnlag for opptak etter særskilt vurdering kan til dømes vere anna morsmål enn norsk, sjukdom, funksjonshemming eller andre spesielle forhold som gir grunn til å anta at søkjaren sin karakterpoengsum ikkje gir eit rett bilete av søkjaren sine kvalifikasjonar.

(2) Søkjar som ønskjer å bli vurdert etter denne føresegna, må be om dette i søknaden og leggje ved eiga grunngjeving og dokumentasjon av dei tilhøva som skal ligge til grunn for særskilt vurdering etter første ledd.

(3) Tilhøva nemnd i første ledd gir ikkje søkjaren rett til opptak. For å få tilbod om opptak, er det krav om likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter reglane om rangering i kapittel 4.

(4) Søkjarar som ikkje får tilbod om opptak etter desse reglane skal rangerast etter føresegnene i kapittel 4.

§ 8-2 skal lyde:

(1) Det er obligatorisk å møte opp til studiestart for registrering ved nytt opptak. Den som ikkje møter ved studiestart, tapar studieretten. Dato, tid og stad for oppmøte ved studiestart går fram av opptaksbrevet.

(2) Søkjar som ikkje kan møte til studiestart må sende skriftleg melding til opptakskontoret og få dette fråværet godkjent. Opptak kan godkjenne fråværet i forkant av studiestart og registrering dersom det ligg føre gode grunnar.

§ 8-7 skal lyde:

(1) I studium der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksisstudium eller klinisk undervisning, er det krav om at studentar leverer politiattest ved opptak, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning kap. 6.

(2) Student utan merknad på politiattesten leverer politiattest ved studiestart.

(3) Student med merknad på politiattesten skal levere politiattesten seinast tre veker etter mottak av tilbod om studieplass.

§ 8-8 skal lyde:

(1) Enkeltvedtak som er gjorde med heimel i denne forskrifta, kan klagast på, jf. forvaltningsloven § 28 til § 32. Klagefristen er 3 veker frå den dagen resultatet av opptaket er offentleggjort, eventuelt 3 veker frå tidspunktet ein har fått grunngjeving.

(2) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak organisert gjennom nasjonalt samordna opptak, vert handsama av Nasjonal klagenemnd for opptak, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-1 sjuande ledd og forskrift om opptak til høgare utdanning § 8-1.

(3) Klage som gjeld opptak etter universitets- og høyskoleloven § 3-6 andre og tredje ledd, vert vurdert av Klagenemnda ved Høgskulen på Vestlandet, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 8-1 andre ledd.

(4) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak til studium som ikkje inngår i samordna opptak, vert vurdert av Klagenemnda ved Høgskulen på Vestlandet, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-1.

II

Forskrifta trer i kraft 22. april 2021.