Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2021-05-25-1693·Kunngjort 31. mai 2021·Journalnr. 2021-0864

I kraft fra: 2021-06-01

I

I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte gjøres følgende endringer:

driftsutgifter med kr 13 055 per år

For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 6 527 per år.

§ 3 skal lyde:

kr 73 101 i ein husstand med ein person kr 91 524 i ein husstand med to personar kr 101 961 i ein husstand med tre personar kr 112 401 i ein husstand med fire personar kr 122 839 i ein husstand med fem personar eller fleire.

kr 23 934 høgare i Oslo kr 16 319 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum kr 10 880 høgare i Kristiansand, Lillestrøm, Frogn, Lørenskog, Nordre Follo, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.

Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 4 896 per år.

§ 4 annet, tredje, fjerde og femte ledd skal lyde:

Minste eigendel er kr 21 643 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 106 705 blir 16,44 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 106 705 lagt til eigendelen.

Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 187 892. Det er 0,28 prosent av ei omrekna inntekt på kr 187 893. Satsen aukar deretter med 0,28 prosentpoeng for kvar kr 1 160 den omrekna inntekta aukar.

Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 234 286 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i loven.

Inntektsgrensa i andre ledd er kr 110 842 og inntektsgrensa i tredje ledd er kr 193 689 for husstandar som har eit medlem som er einsleg og har alderspensjon etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 19 og 20.

§ 5 syvende ledd skal lyde:

Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 5 607 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.

§ 6 annet og tredje punktum skal lyde:

Fribeløpet er kr 280 342 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 588 717.

§ 10 annet ledd tredje punktum skal lyde:

Barn med delt fast bustad kan reknast med hos båe foreldre.

§ 13 første ledd annet punktum skal lyde:

Minste utbetaling er 51 kroner per månad.

§ 14 femte ledd første punktum skal lyde:

For lite utbetalt bustøtte skal ikkje etterbetalast dersom summen er lågare enn 51 kroner.

II

Forskriften trer i kraft 1. juni 2021.