Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot
I kraft fra: 2021-07-01
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:
§ 3 Underhaldskostnaden, femte ledd skal lyde:
Til frådrag i dei samla kostnadene kjem den satsen for barnetrygd som gjeld for barnets aldersgruppe når grunnlagstala i underhaldskostnaden blir endra kvart år.
Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot skal lyde:
Grunnlagstala her blir endra kvart år.
Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)
Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.
Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 4 237 5 628 6 933 7 948 Buutgifter 2 896 2 896 2 896 2 896
Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 668 Deltid, park 267
Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO, heltid 633 SFO, deltid 382
Frådrag
Barnetrygd
Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)
Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 10 063 8 521 Buutgifter 10 008 6 131
Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 3 811 1 906
Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 22 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Trinnskatten skal leggjast til grunn. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.
Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 267 354 467 536 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 883 1 172 1 546 1 775 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 2 347 2 750 3 272 3 591 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 946 3 452 4 107 4 509
II
Endringane gjeld frå 1. juli 2021.