Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Mellombels forskrift om studium og eksamen grunna korona (covid-19) – tillegg til forskrift 4. desember 2014 nr. 1697 om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

LTI/forskrift/2021-06-10-2304·Kunngjort 5. juli 2021·Journalnr. 2021-1301

I kraft fra: 2021-06-30 – 2022-06-20

Endrerforskrift/2014-12-04-1697
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-9

§ 1 . Formål

(1) Mellombels forskrift skal sikre at studentar ved Høgskulen i Volda får gjennomført utdanninga si og får tildelt grad og vitnemål utan forseinking/minst mogleg forseinking på grunn av forhold som gjeld korona (covid-19).

(2) For forhold som fell utanfor formålet gjeld forskrift 4. desember 2014 nr. 1697 om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

§ 2 . Sensurfrist

Rektor kan utvide sensurfristen for vurdering på emne på grunn av forhold relaterte til koronavirus. Ei eventuell utviding av sensurfrist skal normalt ikkje overstige to veker utover ordinær sensurfrist for vedkomande vurdering.

§ 3 . Reglar for godkjenning av obligatoriske aktivitetar i eit emne

(1) Krav om frammøte til undervisning (fysisk/digitalt) skal kunngjerast i emne- og/eller studieplanen.

(2) Undervisning som krev fysisk frammøte kan, hausten 2021 og våren 2022, gjerast om til digitale undervisningsformer. Dekan vedtar slike endringar.

(3) Dersom ein student – grunna koronarelaterte tilhøve – ikkje får høve til å gjennomføre og få godkjent obligatoriske aktivitetar i eit emne, inkludert obligatorisk frammøte, kan studentane likevel få høve til å gjennomføre eksamen i emnet. Dekan kan då pålegge studenten å gjennomføre aktivitetar innan ein gitt frist for at eksamensresultatet skal vere gyldig.

(4) Ein student som er omfatta av tredje ledd i denne paragrafen må søkje dekan om dispensasjon. Det skal leggast vesentleg vekt på at ein må unngå forseinkingar i emnet og studieprogrammet. Søknaden skal vere dokumentert med attest frå lege eller anna relevant dokumentasjon.

(5) Ein student i risikogruppe vil, etter søknad med gyldig dokumentasjon, få individuell tilrettelegging. Studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda handsamar søknaden i tråd med UH-lova § 4-3, 5. ledd.

§ 4 . Endring av eksamensform

(1) Eksamenar, som ifølge emneplanen, krev fysisk frammøte ved HVO kan, grunna koronarelaterte tilhøve, bli omgjort til alternative digitale eksamensformer. Omgjeringa av eksamen kan også inkludere ei omgjering av karakterskala (stått/ikkje stått eller gradert karakterskala (A–F)).

(2) Alle endringar av eksamen skal godkjennast av prorektor (leiar av Utdanningsutvalet).

(3) Alle endringar i eksamensform, med bakgrunn i denne forskrifta, vil gjelde ordinær eksamen og kontinuasjonseksamen påfølgjande semester.

§ 5 . Dispensasjon frå krav til forkunnskapar

Ein student som manglar krav til forkunnskapar til emne i studieåret 2021–2022 av grunnar relaterte til korona (covid-19), kan få dispensasjon frå forkunnskapskrava ved opptak til emnet påfølgjande semester. Dekan kan da pålegge studenten å gjennomføre forkunnskapskrava innan ein gitt frist for å kunne fortsette i studiet.

§ 6 . Varigheit

Denne forskrifta vert sett i verk frå 30. juni 2021 og gjeld fram til 20. juni 2022.