Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet
Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
LTI/forskrift/2021-06-11-2699·Kunngjort 10. september 2021·Journalnr. 2021-1590
I kraft fra: 2021-08-01
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 4-9
I
I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning skal det gjerast følgjande endring:
§ 3-2 første ledd skal lyde:
(1) Institusjonane kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå kravet om generell studiekompetanse. Vilkåret for slik dispensasjon er at søkjaren kan dokumentere at det på grunn av varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande har vore umogleg å oppfylle nokre av dei krava ein normalt må oppfylle for å bli tilkjend generell studiekompetanse.
II
Endringsforskrifta trer i kraft 1. august 2021.