Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova, forskrift til friskolelova og forskrift om innhenting av opplysninger fra Folkeregisteret ved utføring av oppgaver etter barnehageloven

LTI/forskrift/2021-07-07-2380·Kunngjort 12. juli 2021·Journalnr. 2021-1382

I kraft fra: 2021-08-01

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir desse endringane gjort:

Kapittel 2 skal lyde:

informasjon om skolen, mellom anna om skriftspråk, opplæringsstad og skoleskyss informasjon om elevar og vaksne deltakarar informasjon om tilsette, kompetanse og ressursar informasjon om fagval og organisering av opplæringa for ulike elev- og deltakargrupper informasjon om skolepengar, foreldrebetaling og moderasjonsordningar.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knyttast til ein elev eller deltakar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å utarbeide statistikk, analysar og til bruk i forsking når det er nødvendig for formål som omtalt i opplæringslova § 14-4 andre ledd.

bakgrunnsinformasjon, for eksempel heimfylke, fødselsnummer og kjønn informasjon om deltaking i vidaregåande opplæring, for eksempel om elevstatus, fagval, inngåtte kontraktar, ungdomsrett og inntak læringsresultat og gjennomføring, for eksempel karakterar og resultat, avlagde fagprøver, karakterpoeng og om kontakt med oppfølgingstenesta.

Fylkeskommunen skal også, utan hinder av teieplikt, gjere tilgjengeleg for Utdanningsdirektoratet opplysningar som nemnde i første ledd bokstav a og c om elevar på 10. trinn.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å utarbeide statistikk, analysar og til bruk i forsking når det er nødvendig for formål som omtalt i opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet for elevane. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå skoleeigar. Skoleeigaren skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Det skal vere frivillig for elevane å delta i slike undersøkingar.

Resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.

Utdanningsdirektoratet kan behandle resultat som indirekte kan knyttast til enkeltpersonar når det er nødvendig for kartlegging av tema som nemnde i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale undersøkingar om arbeids- og læringsmiljøet for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Det skal vere frivillig for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar å delta i slike undersøkingar.

Resultata av undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar. Utdanningsdirektoratet kan behandle resultat som indirekte kan knyttast til enkeltpersonar når det er nødvendig for kartlegging av tema som nemnde i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale prøver som skal gi kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvane skal gi grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike prøver.

Skoleeigaren skal sørgje for at prøver etter første ledd blir gjennomførte.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltaking i og om resultat frå nasjonale prøver når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd. Utdanningsdirektoratet kan levere ut resultat frå prøver for den enkelte eleven til den skolen eleven går på.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, obligatoriske kartleggingar som skal gi kunnskap om kven som treng ekstra oppfølging i enkelte fag og ferdigheiter. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike kartleggingar.

Skoleeigar skal sørgje for at kartleggingar etter første ledd blir gjennomførte.

Utdanningsdirektoratet utarbeider i tillegg, på oppdrag frå departementet, frivillige kartleggingsprøver og anna kartleggingsverktøy.

å vidareutvikle kartleggingsverktøya å drifte eit digitalt system for gjennomføring av kartleggingane forsking, analyse og statistikk, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Utdanningsdirektoratet kan levere ut resultat frå slike prøver for den enkelte eleven til den skolen eleven går på.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for norsk deltaking i internasjonale undersøkingar som skal gi kunnskapsgrunnlag for å drive skoleutvikling på nasjonalt nivå. Undersøkingane er utvalsundersøkingar, og det er obligatorisk å delta for dei skolane og elevane som blir trekte ut til å vera med.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltakarar i internasjonale undersøkingar når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.

For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og der prøvene klart ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøver og undersøkingar etter § 2-5, § 2-6 første ledd og § 2-7. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12, og elevar ved internasjonale eller utanlandske skolar som mottar opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.

Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbart urimeleg at elevane skal delta i prøvene.

Departementet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje ferdigheitsprøver i symjing som skal gi kunnskap om behovet for å styrke svømmeopplæringa til elevane.

Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev frå å delta i heile eller delar av ferdigheitsprøva dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Slik tilrettelegging kan ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla som ligg til grunn for ferdigheitsprøva.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje nærmare retningslinjer for gjennomføringa av ferdigheitsprøvene.

I kapittel 22A skal tittelen lyde:

Nye § 22A-2 til 22A-5 skal lyde:

Kommunar og fylkeskommunar skal sørgje for tilgangsstyring slik at dei som arbeider for verksemda, berre har tilgang til personopplysningar dersom og i den utstrekning dei treng opplysningane for formål som nemnde i opplæringslova § 15-10. Kommunar og fylkeskommunar skal sørgje for at den som arbeider for verksemda, har nødvendig kunnskap om personvern og informasjonstryggleik før vedkommande får tilgang til personopplysningar.

Krava i første ledd gjeld personopplysningar som er omfatta av personopplysningsloven, og som blir behandla med heimel i opplæringslova.

tidlegare gjennomført opplæring, inkludert fagsamansetning karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12 eller etter friskolelova § 3-5.

Ein skole kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebytte etter opplæringslova § 9A-12 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta og andre elevar på skolen.

om grunnskolen er fullført halvårskarakter frå 10. trinn karakterar som blir ført på vitnemål for grunnskolen fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen.

Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter opplæringslova § 9A-3 i tilfelle der slike undersøkingar er hensiktsmessige for å kartleggje læringsmiljøet, finne eigna tiltak for å forbetre relasjonar og sikre alle elevar eit trygt og godt skolemiljø.

Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i oppfølginga av ein konkret mistanke etter opplæringslova § 9A-4 og § 9A-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram.

Ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei i minst mogleg grad grip inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan bli namngitte. Skolane skal på eigna måte kontrollere om opplysningane er rette før desse blir lagt til grunn for val av tiltak.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir desse endringane gjort:

Kapittel 2 skal lyde:

informasjon om skolen, mellom anna om skriftspråk, opplæringsstad og skoleskyss informasjon om elevar informasjon om tilsette, kompetanse og ressursar informasjon om fagval og organisering av opplæringa for ulike elevgrupper informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordningar for SFO.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knyttast til ein elev, inkludert personopplysningar nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å utarbeide statistikk, analyser og til bruk i forsking når det er nødvendig for formål som omtalt i friskolelova § 7-2c andre ledd.

bakgrunnsinformasjon, for eksempel heimfylke, fødselsnummer og kjønn informasjon om deltaking i vidaregåande opplæring, for eksempel om elevstatus, fagval, ungdomsrett og inntak læringsresultat og gjennomføring, for eksempel karakterar, resultat og karakterpoeng.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å utarbeide statistikk, analysar og til bruk i forsking når det er nødvendig for formål som omtalt i friskolelova § 7-2c andre ledd.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet for elevane. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå friskolar. Skolen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Det skal være frivillig for elevane å delta i slike undersøkingar.

Resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.

Utdanningsdirektoratet kan behandle resultat som indirekte kan knyttast til enkeltpersonar når det er nødvendig for kartlegging av tema som omtalt i første ledd, jf. friskolelova § 7-2c andre ledd.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale prøver som skal gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvane skal gi grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike prøver.

Skolen skal sørgje for at prøver etter første ledd blir gjennomførte.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltaking i og om resultat frå nasjonale prøver når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. friskolelova § 7-2c andre ledd. Utdanningsdirektoratet kan levere ut resultat frå prøver for den enkelte eleven til den skolen eleven går på.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, obligatoriske kartleggingar som skal gi kunnskap om kven som treng ekstra oppfølging i enkelte fag og ferdigheiter. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike kartleggingar.

Skolen skal sørgje for at kartleggingar etter første ledd blir gjennomførte.

Utdanningsdirektoratet utarbeider i tillegg, på oppdrag frå departementet, frivillige kartleggingsprøver og anna kartleggingsverktøy.

å vidareutvikle kartleggingsverktøya å drifte eit digitalt system for gjennomføring av kartleggingane forsking, analyse og statistikk, jf. friskolelova § 7-2c andre ledd.

Utdanningsdirektoratet kan levere ut resultat frå slike prøver for den enkelte eleven til den skolen eleven går på.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for norsk deltaking i internasjonale undersøkingar som skal gi kunnskapsgrunnlag for å drive skoleutvikling på nasjonalt nivå. Undersøkingane er utvalsundersøkingar, og det er obligatorisk å delta for dei skolane og elevane som blir trekte ut til å vera med.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltakarar i internasjonale undersøkingar når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. friskolelova § 7-2c andre ledd.

For elevar som får spesialundervisning etter friskolelova § 3-6, og der prøvene klart ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøver og undersøkingar etter § 2-4, § 2-5 første ledd og § 2-6. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, og elevar ved internasjonale skolar som mottar opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene. Klageinstansen i grunnskolen er statsforvaltaren i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til friskolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.

Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.

Departementet kan fastsetje nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje ferdigheitsprøver i symjing som skal gi kunnskap om behovet for å styrke svømmeopplæringa til elevane.

Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev frå å delta i heile eller delar av ferdigheitsprøva i symjing dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Slik tilrettelegging kan ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla som ligg til grunn for ferdigheitsprøva.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje nærmare retningslinjer for gjennomføringa av ferdigheitsprøvene.

I kapittel 7B skal tittelen lyde:

Nye § 7B-2 til § 7B-5 skal lyde:

Friskolar skal sørgje for tilgangsstyring slik at dei som arbeider for verksemda, berre har tilgang til personopplysningar dersom og i den utstrekning dei treng opplysningane for formål som nemnde i friskolelova § 7-9. Friskolar skal sørgje for at den som arbeider for verksemda, har nødvendig kunnskap om personvern og informasjonstryggleik før vedkommande får tilgang.

Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for å sørgje for tilgangsstyring i samsvar med krava i første ledd når dei behandlar personopplysningar etter friskolelova.

Krava i første og andre ledd gjeld personopplysningar som er omfatta av personopplysningsloven, og som blir behandla med heimel i friskolelova.

tidlegare gjennomført opplæring, inkludert fagsamansetning karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis. kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12 eller etter friskolelova § 3-5.

Kommunen og fylkeskommunen kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebytte etter friskolelova § 2-4, jf. opplæringslova § 9A-12 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta og andre elevar på skolen.

om grunnskolen er fullført halvårskarakter frå 10. trinn karakterar som blir ført på vitnemål for grunnskolen fråvær som bli ført på vitnemål for grunnskolen.

Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter friskolelova § 2-4, jf. opplæringslova § 9A-3 i tilfelle der slike undersøkingar er hensiktsmessige for å kartleggje læringsmiljøet, finne eigna tiltak for å forbetre relasjonar og sikre alle elevar eit trygt og godt skolemiljø.

Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i oppfølginga av ein konkret mistanke etter opplæringslova § 9A-4 og § 9A-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram.

Ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei i minst mogleg grad grip inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan bli namngitte. Skolane skal på eigna måte kontrollere om opplysningane er rette før desse blir lagt til grunn for val av tiltak.

III

I forskrift 28. september 2018 nr. 1479 om innhenting av opplysninger fra Folkeregisteret ved utføring av oppgaver etter barnehageloven blir desse endringane gjort:

Tittelen skal lyde:

Forskrift om behandling av personopplysninger i barnehagesektoren

Nye § 2 og § 3 skal lyde:

Kommuner, fylkeskommuner og private barnehager skal sørge for tilgangsstyring slik at de som arbeider for virksomheten, bare har tilgang til personopplysninger dersom og i den utstrekning de trenger opplysningene for formål som omtalt i barnehageloven § 47 a. Kommuner, fylkeskommuner og private barnehageeiere skal sørge for at de som arbeider for virksomheten, har nødvendig kunnskap om personvern og informasjonssikkerhet før de gis tilgang til personopplysninger.

Kravene i første ledd gjelder personopplysninger som er omfattet av personopplysningsloven, og som blir behandlet med hjemmel i barnehageloven.

informasjon om barnehagen, blant annet om organisasjonsform, profil, areal, godkjenninger og tilsyn informasjon om barna i barnehagen informasjon om ansatte, kompetanse og ressurser i barnehagen regnskap for private barnehager informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordninger

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysninger etter første ledd som indirekte kan knyttes til en enkeltperson, inkludert personopplysninger nevnt i personvernforordningen artikkel 9, når det er nødvendig for å vurdere tilstanden og utviklingen innenfor barnehagesektoren. Opplysningene kan også brukes til grunnlag for forskning, analyse og statistikk.

Noverande § 2 blir ny § 4.

IV

Forskrifta tek til å gjelde 1. august 2021.