Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Mellombels forskrift om sensurfristar ved Norges Handelshøyskole (NHH)

LTI/forskrift/2021-12-16-3961·Kunngjort 14. januar 2022·Journalnr. 2022-0057

I kraft fra: Frå og med eksamenar avlagt i vårsemesteret 2022 og til og med eksamenar avlagt i haustsemesteret 2022

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-9lov/2005-04-01-15 § 8-2

§ 1 . Område denne forskrifta gjeld for

Forskrifta gjeld nærare oppgjevne eksamenar i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og for autorisasjonsprøve i oversettelse (translatøreksamen) ved Norges Handelshøyskole.

§ 2 . Kunngjeringsdatoar for ordinære eksamenar i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon

Sensur vert kunngjort seinast fire veker etter eksamensdagen i RET1 Rettslære for økonomer og MET3 Databehandling for økonomer.

§ 3 . Kunngjeringsdatoar for autorisasjonsprøve i oversettelse

Sensur vert kunngjort seinast fem veker etter eksamensdagen i autorisasjonsprøve i oversettelse.

§ 4 . Ikraftsetjing m.m.

Forskrift tek til å gjelde frå og med eksamenar avlagt i vårsemesteret 2022 og gjeld til og med eksamenar avlagt i haustsemesteret 2022. For eksamen i emne som ikkje er nemnd i forskrift, gjeld fristen på tre veker etter lov om universiteter og høyskoler.

Unntak for ordinær sensurfrist gjeld det semesteret emnet vert undervist.