Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
I kraft fra: 2022-01-12
I
I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning er det gjort følgande endringar:
Bachelor i bevegelige bilder ved Nordland kunst- og filmhøgskole.
§ 4-7 første ledd skal lyde:
(1) Grunnskulelærarutdanning og 5-årig lektorutdanning har krav om at søkjarar må dokumentere minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar) eller minimum 40 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande. Søkjarar kan i tillegg måtte gjennomføre ei opptaksprøve i form av eit intervju etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.
For søkjarar som har samisk som førstespråk eller andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk for gjennomsnittet av karakterane i norsk (309 timar) og samisk (309 timar).
For søkjarar som har norsk teiknspråk, kvensk eller finsk som andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk gjennomsnittet av karakterane i første- og andrespråket.
For søkjarar til grunnskulelærarutdanning ved Samisk høgskole gjeld i tillegg krava som er fastsette i § 4-10.
Bachelor i bevegelige bilder ved Nordland kunst- og filmhøgskole.
II
Endringsforskrifta trer i kraft 12. januar 2022.