Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning

LTI/forskrift/2022-02-15-256·Kunngjort 16. februar 2022·Journalnr. 2022-0215

I kraft fra: 2022-02-15

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 4-9

I

I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning er det gjort følgande endring:

§ 4-5 fjerde ledd skal lyde:

(4) Bachelorstudium i samfunnsøkonomi og i politisk økonomi ved Universitetet i Bergen har som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2019–2020, 2020–2021, 2021–2022 og 2022–2023 krav om at søkjarar må dokumentere at søkjaren har minst karakteren 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

II

Endringsforskrifta trer i kraft straks.