Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og distriktsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2022-05-25-915·Kunngjort 27. mai 2022·Journalnr. 2022-0662

I kraft fra: 2022-06-01

I

I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte gjøres følgende endringer:

driftsutgifter med kr 13 251 per år

For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 6 625 per år.

§ 3 skal lyde:

kr 76 329 i ein husstand med ein person kr 95 028 i ein husstand med to personar kr 105 622 i ein husstand med tre personar kr 116 219 i ein husstand med fire personar kr 126 813 i ein husstand med fem personar eller fleire.

kr 24 293 høgare i Oslo kr 16 564 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum kr 11 043 høgare i Kristiansand, Lillestrøm, Frogn, Lørenskog, Nordre Follo, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.

Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 4 969 per år.

§ 4 annet, tredje, fjerde, femte og sjette ledd skal lyde:

Minste eigendel er kr 22 487 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 110 866 blir 16,44 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 110 866 lagt til eigendelen.

Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 195 220. Det er 0,27 prosent av ei omrekna inntekt på kr 195 221. Satsen aukar deretter med 0,27 prosentpoeng for kvar kr 1 205 den omrekna inntekta aukar.

I perioden 1. oktober 2022–31. desember 2022 er det progressive leddet 0,12 prosent av ei omrekna inntekt på kr 195 221, og aukar med 0,12 prosentpoeng for kvar kr 1 205 den omrekna inntekta aukar.

Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 243 423 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i loven.

Inntektsgrensa i andre ledd er kr 115 165 og inntektsgrensa i tredje ledd er kr 201 243 for husstandar som har eit medlem som er einsleg og har alderspensjon etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 19 og 20.

§ 5 sjuende ledd skal lyde:

Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 5 826 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.

§ 6 annet og tredje punktum skal lyde:

Fribeløpet er kr 291 275 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 611 677.

§ 13 første ledd annet punktum skal lyde:

Minste utbetaling er 53 kroner per månad.

§ 14 femte ledd første punktum skal lyde:

For lite utbetalt bustøtte skal ikkje etterbetalast dersom summen er lågare enn 53 kroner.

II

Forskriften trer i kraft 1. juni 2022.