Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
I kraft fra: 2022-09-01
I
I forskrift 31. januar 2019 nr. 446 om opptak til Høgskulen på Vestlandet skal følgande endringar gjerast:
§ 1-2 får nytt trettande ledd. Trettande ledd, og språklege endringar i fjerde, sjette til åttande, ellevte og tolvte ledd, skal lyde:
(4) Grunnutdanning og integrert mastergradutdanning er studieprogram der opptak som hovudregel krev fullført utdanning frå vidaregåande opplæring eller godkjent realkompetanse.
(6) Vidareutdanning er studiepoenggivande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå. Det kan vere spesielt tilrettelagte enkeltemne eller studieprogram på lågare eller høgare grads nivå.
(7) Etterutdanning eller kurs er ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå, som ikkje gir studiepoeng.
(8) Praktisk-pedagogisk utdanning er pedagogisk kompetanse som saman med relevant kompetanse i undervisningsfag eller yrkesfagleg utdanning kvalifiserer til undervisning.
(11) Oppdragsfinansierte studium og emne vert gjennomført mot vederlag betalt av ein eller fleire oppdragsgjevarar, og er ikkje retta mot enkeltstudentar, men mot oppdragsgjevaren si målgruppe.
(12) Betalingsstudium er når høgskulen krev eigenbetaling frå studentar, jf. forskrift om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-2.
(13) Studiepoeng den enkelte har oppnådd ved gjennomført fagskuleutdanning, er ikkje likestilt med studiepoeng frå høgare utdanning ved opptak etter denne forskrifta.
Pearson PTE Academic med minimum 59 poeng. Cambridge English Examinations med testene B2 First med resultatet B eller bedre, eller C1 Advanced med resultatet C eller bedre, eller C2 Proficiency med resultatet C eller bedre.
(6) Der studium har opptakskrav om praksis, blir praksis rekna frå same dato som søkjar fekk autorisasjonen sin. Ved yrke utan autorisasjon, blir praksis rekna frå den datoen søkjar har fullført kvalifiserande utdanning.
§ 2-2 skal lyde:
Opptakskrav til årsstudium, bachelor- og integrert masterutdanning og vidareutdanningar utan krav om høgare utdanning, er generell studiekompetanse eller realkompetanse, eventuelt i kombinasjon med spesifikke fag- eller karakterkrav, slik det er fastsett i studieplanen eller forskrift om opptak til høgare utdanning.
§ 2-4 nytt tredje ledd skal lyde:
(3) For opptak til vidareutdanningar som er undervist på engelsk eller andre framandspråk, kan studie- eller emneplan fastsetje unntak frå krav til dokumenterte kunnskapar i norsk.
§ 2-5 får nytt andre og sjette ledd. Andre, tredje og fjerde ledd blir tredje, fjerde og femte ledd. Første, andre og sjette ledd skal lyde:
(1) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.
(2) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8–13, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.
(6) Søkjarar som har bachelorgrad i praktiske og estetiske fag etter femte ledd bokstav d, kan kvalifisere for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for siste gang med oppstart våren 2025.
§ 2-6 nytt tredje ledd skal lyde:
(3) Søkjarar til realfagskurs, som møter opptakskrava og har matematikk og fysikk frå før, kan få tilbod om plass på realfagskurset dersom det er ledige plassar.
§ 2-8 andre setning skal lyde:
For søkjarar som har oppnådd fag- eller sveinebrev, eller yrkeskompetanse etter 3 år i skule er det krav om minimum 12 månader yrkespraksis etter avlagt fag- eller sveineprøve.
gyldig helseerklæring for arbeidsdykking
§ 2-11 blir delt i to ledd og skal lyde:
(1) For å få opptak til enkeltemne, må søkjaren dekka opptakskrava til utdanninga som emnet inngår i. Eventuelle krav om fagleg forkunnskap for emnet må òg dekkast, jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 4-7.
(2) Ved opptak til enkeltemne som er undervist på engelsk eller andre framandspråk, kan studie- eller emneplan fastsetje unntak frå krav til dokumenterte kunnskapar i norsk.
§ 2-13 skal lyde:
For studieprogram og emne som ikkje har nasjonale rammeplanar og føringar, gjeld opptakskrav og fagleg grunnlag slik dei går fram av studie- eller emneplanen.
Søkjaren må ha minst fem års fulltids arbeidserfaring, der minst tre er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Deltid vert rekna om til heiltid. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande. Søkjarar til emne på inntil 30 studiepoeng eller studieprogram på 30 studiepoeng må ha minst fem års arbeidserfaring i minst 50 %, der minst tre år er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønt arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande. Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere at dei fyller krav til norsk tilsvarande kravet til generell studiekompetanse, med grunnlag i krav i forskrift om opptak til høgare utdanning. Unntak kan gjerast dersom utdanninga i sin heilheit vert gjennomført på engelsk eller for søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Noreg eller anna nordisk land. Ved opptak til emne på inntil 30 studiepoeng eller studieprogram på 30 studiepoeng, der det ikkje er fagleg nødvendig med engelskkunnskapar, kan studie- eller emneplan fastsetje unntak for dokumentasjon av engelskkunnskapar. Søkjar til studieprogram på 60 studiepoeng eller meir må gjere greie for eigen motivasjon og forventing til studiet, samt ein eigenvurdering av kvifor søkjar meiner å kunne gjennomføre studiet.
Eitt år yrkesteoretisk utdanning.
(2) I særlege tilfelle, til dømes for yrkesfaglege profilar utan tilbod om yrkesteoretisk utdanning, kan søkjarar utan yrkesteoretisk utdanning og generell studiekompetanse realkompetansevurderast.
§ 3-4 får ny andre setning som skal lyde:
Rektor kan for særlege studietilbod gjere unntak frå kravet om dokumentasjon av norskkunnskapar.
Ved lik poengsum i ei kvote skal eldre søkjarar rangerast framfor yngre, om ikkje anna er oppgitt i studieplanen.
(4) Dersom det er ledige studieplassar på eit studium etter opptak, kan ledige studieplassar tilbydast kvalifiserte søkjarar. Søkjarane blir rangert etter tidspunkt søknaden vert motteken.
Karakterpoeng Det vert rekna ut eit vekta karaktergjennomsnitt av opptaksgrunnlaget. Vekta gjennomsnitt er eit gjennomsnitt der kvart emne i grunnlaget er tillagt vekt etter talet på studiepoeng emnet har. Praksispoeng Det blir gitt poeng for relevant arbeidserfaring når studiet har opptakskrav om praksis, eller dersom det er fastsett i studie- eller emneplan. Normalt to poeng per 12 månadar med relevant praksis utover opptaksgrunnlaget, og maksimalt seks poeng, med mindre anna er fastsett i studie- eller emneplan. Deltid vert rekna om til heiltid. Praksis som søkjaren har gjennomført før kvalifiserande utdanning og praksis som inngår i kvalifiseringsgrunnlaget, er ikkje medrekna i grunnlaget for praksispoeng.
(4) På vitnemål utan tal-/bokstavkarakter reknast karakteren «bestått/greidd» som C=3. I særlege tilfelle kan anna høgare utdanning enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Søknaden vert då rangert etter § 4-13 i denne forskrifta.
§ 4-10 andre ledd skal lyde:
(2) Søkjarar til integrert masterstudium som har fullført minimum 120 studiepoeng, og søkjarar til toårige studieprogram som har fullført minimum 60 studiepoeng, vert rangert etter § 4-3. Ved poenglikskap mellom to eller fleire søkjarar, vert søkjarar med studierett ved Høgskulen på Vestlandet prioritert.
§ 4-12 andre ledd blir oppheva. Teksten i § 4-12 skal lyde:
Oppdragsstudium er ikkje omfatta av § 4-1 til § 4-3 i denne forskrifta. Oppdragsgjevar kan rangere søkjarane sine etter høgskulen har godkjent opptaksgrunnlaget. Viss oppdragsgjevar ikkje sjølv ønskjer å rangere søkjarane, blir rangering gjort etter ordinære reglar fastsett i denne forskrifta.
Ny § 4-14 skal lyde:
(1) Når utdanningar har rangerbare prøver som opptakskrav, kan prøvane nyttast ved rangering av søkjarar, der det er fastsett i studie- eller emneplan. Ved poenglikskap gjeld føresegn i § 4-2 (2).
(2) For utdanningar som ikkje er dekka av andre paragrafar i denne forskrifta, kan det utarbeidast retningslinjer om rangering. Retningslinjene skal utarbeidast samstundes som studieplan vert utarbeidd.
Kapittel fem blir oppheva.
Kapittel seks, sju, åtte og ni blir kapittel fem, seks, sju og åtte.
Den nye § 6-1 nytt fjerde ledd skal lyde:
(4) Søkjarar frå utanfor EU/EØS får ikkje tilbod på vilkår i det internasjonale opptaket.
Den nye § 6-2 første, andre og fjerde ledd skal lyde:
(1) I særlege tilfelle kan søkjar som manglar eitt emne på inntil 20 studiepoeng eller to eller fleire emne på inntil 15 studiepoeng for å dekka opptaksgrunnlaget til ei utdanning, få opptak til studiet på visse vilkår og starte på utdanninga. Vilkåret for slikt opptak er at studenten oppfyller opptaksgrunnlaget på utdanninga innan frist gitt i tilbodsbrevet.
(2) Døme på særlege tilfelle kan vere når søkjar ikkje har hatt moglegheit til å gå opp til eksamen grunna sjukdom, ulukker eller dødsfall i nær familie. Andre særlege tilfelle kan òg gi grunnlag for opptak på vilkår. Særlege tilfelle må dokumenterast ved attest frå lege, anna helsepersonell, politi, høgskulen eller tilsvarande.
(4) Opptak på vilkår vert ikkje gitt til utdanningar der yrkeserfaring er ein del av opptaksgrunnlaget.
Den nye § 7-1 første ledd andre setning skal lyde:
Slike grunnar kan vere førstegongsteneste, fødsel, adopsjon eller langvarig sjukdom/opphald på sjukehus.
Den nye § 7-1 andre ledd første setning og nytt femte ledd skal lyde:
Det vert normalt ikkje innvilga reservert plass for meir enn eitt år der studiet har oppstart årleg.
(5) Rektor kan i særlege tilfelle tilby reservasjon av studieplassar til søkjarar når dette er grunngitt i kapasitet, organisering eller særskilte tilhøve som ikkje er knytt til enkeltpersonar.
Ny § 7-2 andre ledd tek ut «dette». Første ledd og andre ledd første setning skal lyde:
(1) Ved opptak er det er obligatorisk å gjennomføre oppmøteregistrering ved studiestart, med mindre anna er oppgitt. Registreringa kan vere fysisk eller digital. Ein tapar studieretten om ein ikkje har fullført oppmøteregistrering innan gitt frist.
(2) Søkjar som ikkje kan møte til studiestart må sende skriftleg melding til opptakskontoret og få fråværet godkjent.
Ny § 7-6 første ledd skal lyde:
(1) Hovudfristen for å melde inn studium for etterfølgjande år er 1. desember, jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet kapittel 3.
II
Forskrifta trer i kraft 1. september 2022.