Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
I kraft fra: 2022-06-16
I
I forskrift 27. november 2018 nr. 1907 om opptak til Universitetet i Bergen gjeld desse endringane:
§ 1-1 (1) skal lyde:
Etterutdanning som ikkje gir studiepoeng Spesialistutdanning i odontologi Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar Fellesgradar.
§ 2-1 (1) og (2) skal lyde:
(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Universitetet i Bergen er som hovudregel generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 2. Hovudregelen gjeld ikkje opptak til masterprogram eller for dei utdanningane som er omfatta av kapittel 3 i forskrift om opptak til høgare utdanning.
(2) Søkjarar til masterprogram må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. § 2-2.
§ 2-1 (5) skal lyde:
(5) Søkjarar til tospråklege masterprogram eller studieretningar, må dokumentere språkkunnskapar etter reglane som gjeld for norskspråklege program eller for engelskspråklege program. For framandspråklege masterprogram, som ikkje har undervisning på norsk eller engelsk, kan eigne språkkrav fastsetjast i studieplanen.
§ 2-1 (8) skal lyde:
(8) Dersom ein student er avskore frå vurdering i eit obligatorisk emne i studieprogrammet skal han nektast opptak. Fakultetet kan vedta at det ikkje er høve til å bli tatt opp til same studieprogram fleire gonger.
Opptaksgrunnlaget er ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Universitetet kan krevje inntil fire semester høgre utdanning i tillegg til bachelorgrada, i tråd med GSU-lista.
§ 2-2 (4) skal lyde:
(4) For opptak til erfaringsbasert masterprogram etter § 5 i mastergradsforskrifta skal krav til eventuell fagleg fordjuping og karaktergjennomsnitt fastsetjast i studieplanen. Det er krav om minst to års relevant praksis for opptak til erfaringsbaserte masterprogram. Det kan krevjast relevant praksis utover dette.
§ 2-3 (2) skal lyde:
(2) Søkjarar til enkeltemne på mastergradsnivå som ikkje inngår i ein grad, må dokumentere opptaksgrunnlag tilsvarande som for erfaringsbasert mastergrad, jf. § 2-2 (4).
§ 2-6 (2) skal lyde:
(2) Forkunnskapskrav i norsk språk må oppfyllast for norskkursemne der dette er naudsynt. Forkunnskapskrav i norsk språk blir fastsette av programstyret, og vert kunngjort i emneskildringa.
Ny § 2-7 skal lyde:
For engelskspråklege emne på bachelornivå kan det gjerast unntak frå opptakskrava i samsvar med endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning for denne gruppa søkjarar. Tilsvarande unntak kan gjerast for opptak til 2-årig masterprogram.
(2) Rektor kan vedta utfyllande retningslinjer.
§ 4-1 (3) skal lyde:
(3) I tillegg til nasjonale kvoter, kan fakultetet fastsetje kvoter.
§ 5-4 (4) og (5) skal lyde:
(4) I særskilde tilfelle kan anna utdanning, praksis eller kompetanse enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Rangeringsgrunnlag og rangeringsmetode fastsetjast i studieplanen.
(5) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning vil søkjarar med to fag ha prioritet framfor søkjarar med eitt fag.
§ 5-7 skal lyde:
(1) Søkjarar til enkeltemne konkurrerer om avsette plassar per emne. Om det er fleire kvalifiserte søkjarar til eit emne enn ledige plassar, kan det bli fastsett eigne prioriterings- eller rangeringsreglar i emneskildringa.
§ 6-4 (2) skal lyde:
Vilkåret for opptak etter første ledd er at studenten normalt fullfører manglande emne(r) i bachelorgraden ved første høve, og seinast innan utgangen av vårsemesteret 2023.
§ 8-2 skal lyde:
Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2019.
II
Forskrifta gjeld straks.